Meny Lukk

Om sjøklede – Av Laurits K. Grønnevet

Til havfiskje var det mest ottringar og seksringar som var brukte på Sunnmøre. Båtane er lange, låge og smale, det er då greitt at i storsigling låg sjødrev og snærevatn inn over båten på båe sider. Dei som var i båten måtte mest alltid sitje i vasstette sjøklede. Likeså når dei låg på fiskeplassen og fiska, sjøvæta rann av garnlenka når den skulde dragast eller frå snøret når ein fiska med snøre.

Gamlekarane måtte sjølve syte for å lage seg sjøklede av det dei rådde over. Då var skinn av dyr det som låg nærast til. Sjøstøvlar måtte alle ha, dei var til vanlegt av kuhuder. Når kua var slakta og flådd, hengde dei til vanlegt huda på turk minst ein månad. So skulde huda røytast so håra vart lause. Måten å røyte på var so ymse. Sume strådde kalk eller mjøl på hårsida, rulla huda saman og la den i fjøsen eller ein annan stad i klar luft til håra vart lause. Det mest vanlege var å legge huda i vatn og elvarøyte som dei sa. Dei sette då fast eit tòg eller ein kjetting i haudteina og so låg huda langstrakt flytande i ein strid straum i elva. Det var denne røytingsmåten som var best for at ledet vart tett so det ikkje drog vatn.

Når huda hadde lege 4-5 viker i vatn vart den drega på land og reingjort for hår, små kjørestar vart avskrapa på kjøtsida. Vart ikkje det gjort so ville det tyne barkå so den vart sur og gagnlaus. Til barkestoff vart bruka turka bjørkabork som vart teken av skogen på forsommaren når sevja var i buska so borken var laus til å få av.

Borken vart reven frå nævra, turka på hjell so den ikkje vart mygla. Når borka skulde setjast og huda som til vanlegt var kløyvd i tvo like holver, skulde leggast i borka so måtte borken slåast i små bitar, ja, sume tok borken og mol den på gardskvenna si og det var kanskje beste måten. Barkekar på bygdene var vanlege store tresåer opptil 2 m i tvermål. Borka måtte ettersjåast med 8-10 dagars mellomrom, huda måtte snuast i borka so den vart jamn.

Det måtte passast på når den var passeleg barka. Vart huda for lite barka vart det hardt og stivt i bruk og det sleit hardt på laskane so tråden vilde slitne av. Vart det alt for sterkt barka heldt det mindre godt ute vatnet. Det var soleis ein stor kunst å få det passeleg barka, ein kunst kvar mann lærde av far sin og ved eiga røynsle. I eldre tider, ja, like til eg vart vaksen mann, var det vanleg at mest kvar mann gjorde i stand sjøstøvlane sine sjølv og alt skoarbeid. Sydde og bøtte alt skoty til seg og huslyden.

Tilskjeringa av støvlar var ein kunst som ikkje alle var like føre til på bygdene. Der var då gjerne noken i bygda som var kjend for å vere særs dugande. Ungdomar og andre som kjende seg lite føre til å skjere støvlar og sko til, gjekk då gjerne til dei og fekk hjelp. Særleg var det vandt å skjere forfoten på støvelen godt opp i bendingen. Soleis fekk dei hjelp av kvarandre til å skjere materialen til, slik hjelp var på jamnen gratisarbeid mellom grannar. Å legge skotråd, beke den og setje bust kunne alle vaksne menn i den tid.

Noke sameleis var det skinnkleda ogso vart laga. Det var då skinnbukser og skinnstakkar, ja, i eldre tider skinnhattar òg. Til skinnklede bruka dei dei alltid skinn av geit eller kalv, røytinga av skinn til sjøklede vart alltid gjort i ei elv for at dei skulde halde godt ute vatn og sjødrev. Det laut passast godt på at skinna ikkje vart for sterkt borka so dei vart tette. Av og til prøvde dei koke borka, når skinna vart gjort reine for hår og kjøtrestar vart dei lagde i varm kokt barke, på den måten kunne barkinga verte gjort på ei kveldsykt.

Eg har sjølv prøva denne barkingsmåten då eg var ung og det var alltid slike sjøklede som best heldt ute vatnet. Tilskjeringa av slike sjøklede var òg ein stor kunst, dei måtte vere velskapte so dei sat godt om hoftene. Eg minnest godt at far min bad meg gå til ein av grannane våre som var flink å skape skinnbukser og han hjelpte meg heilt gratis. Det skulde 2 skinn til til ei brok dei eg hadde gjort i stand. Han la skinna i bukt når haudteina var fråskora og snudde buktene på skinna ut på kvar bukseholve. Fetlingane som vart fråskorne vart bruka til å skjøyte buksa med bak, eit vanlegt kalveskinn vilde som regel verte for smalt til ei halv brok der det trengdest å vere breidaste. Av det som då var att skulde der skjerast bukselining og reimar til å saume buksa med. Det var òg ein liten kunst å setje liningen godt på, der laut leggast små rukker oppunder liningen so den sat godt oppe.

Alle sjøklede, sjøstøvlar undanteke, vart alltid sydde med reim. Kantane i saumane vart lagde mot kvarandre og over kvarandre med ei fjøl under, so stakk ein ein breid bøygd syl ned- og oppatt gjennom båe kantane. Sylen var varsamt dregen oppatt og reima som var godt kvest i enden vart sett inn etter den bogne sylen og drege til sting for sting. Syinga gjekk tolleg fort når ein vart vand med det. Saumane vart sterke og tette og varde til kleda var utslitne.

Eg kan ikkje minnast at eg sydde meir enn ei brok åt meg sjølv. Far sydde den fyrste eg hadde. Og då den eg sydde sjølv vart utslita kring hundreårsskiftet, var oljekleda komne i bruk og det vart kjøpt i staden.

Skinnstakkar kan eg minnast sume av dei gamle hadde, men dei var utgådde i bruk då eg kom i fiskja 1890. Skinnstakkar var klede for overkroppen, dei likna ein busserun og vart påseghavde med å smette dei ned over hovudet. Alle skinnklede vart alltid godt innsmurde med god smurning, den var samankokt av 2/3 lyse, 1/3 tjøre og kanskje litt talg, den vart påsmurd etter eit oppkok før smurninga var kald.

Det var kaldt og hustre å sitje i opne båtar dag og natt. Difor hadde kvar mann ei loda skinntrøye av geit- eller saudeskinn. Skinna til slike trøyer var barka med håra på. Hårsida snudde inn so dei var bra varme, men dei var tunge å arbeide i. Då kjøtsida snudde ut vart dei ikkje so tette det var noke å å verje seg mot sjødrev og væte med.

Januar 1956

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *