Alt i fyrste ungdomsåra melde utferdshugen seg i honom, og han for til sjøs; eller som dei gamle sa: Ut og siglde. Sjømann var han med liv og sjæl. Han gjekk so litt skule i Oslo. Han hadde uvanlegt gode evner, og gløgg og umtenkt som han var, var det ikkje lenge før han «steig i graderne», og snart var han kaptein. I desember 1900 var Ole fyrstestyrmann på «Leif», eit dampskip på 713 tonn og eit mannskap på 17. Skipet var då på veg til finsk hamn, kanskje Kemi. Fem år seinare var han skipper på «Leif», i fart mellom tyske Rendsburg og belgiske Gent. Fram til 1913 førte Ole dampskipet som tilhøyrde reiarlaget C.T, Gogstad & Co. i Oslo. «Leif» var desse åra innom fleire titals hamnebyar i Vest-Europa og Østersjøen. Her kan nemnast Riga i aust, til Glasgow i nordvest og Gibraltar i sør. 1914-15 var han skipper på «Lord», deretter førte han «Ravn» frå seint 1915, også dei Gogstad-skip. I 1917 kosta han ein 60 fot lang og 18 fot brei stålbåt frå Fougners Staal-Beton Skibsbygninsgcompani AS sitt verft i Moss. Båten var tenkt brukt til vasstransport. Vel tre år seinare, 1921, la han båtmotoren ut for sal, truleg for skuld dei dårlege tidene. Januar 1924 var han skipsførar på «Elvenes» då skipet fekk skade på roret og var i havsnaud. Gjennom framifrå sjømannskap frå Ole og tømmermannen berga dei skipet inn til Stornoway på Hebridane. Sidan i 1924-25 var han kaptein på 8000-tonnaren «Nordkyn», som «Elvenes» eit skip som høyrde til Oslo-reiarlaget Gørrissen & Co. Frå 1925 var han tilbake i Gogstad-reiarlaget. Etter å vore om bord i «Bygdø» i kortare tid, tok han til som kaptein på «Leif», eit dampskip på kring 3000 tonn. På 1920-talet siglde han vidare ut på havet, enn før fyrste verdskrigen. Mellom anna var han innom hamner i det sørlege USA, på karibiske øyar og Port Said i Mellomhavet. Frå 1929 fekk han styre «Loke», eit 4200 tonn stort dampskip. I slutten av januar 1930 døydde han om bord i skipet ved kai i Falmouth i Sør-England. Dødsbodet kom heilt uventa, då han hev havt ei sterk helse. Her er nok mange på Sunnmøre og vidare ut ogso, som hugsar denne staute kjempa med det gode hjartelaget. Når han kanskje ein gong i året gjekk med skipet gjennom Vartdalsfjorden, bles han hardt i fløyta og la stilt bort for barndomsheimen sin, på Knuthans-vika. Det frettest når Ole var komen, og slektningar, vener og born rodde bort til skutesida. Alle fekk kome om bord og sjå seg om. Ole Vartdal frå Knutegarden Sørevartdal gifte seg i 1907 med Ida Olga Kremming frå Bremen i Tyskland, ho gjekk alltid under namnet Fanny. Åra frå 1908 til 1918 vart dei foreldre til fire gutar, dei tre fyrste kom til verda i Bremen. Kan hende var det utbrotet av fyrste verdskrigen som leidde til at dei flytta til den norske hovudstaden. Familien budde i Dalsbergstien 7 i bydelen St. Hanshaugen.
(Sunnmørsposten 31.1.1930, Møre-Nytt 24.12.1991, samt ei rekke andre aviser.)
Kjelde: Digitalt Museum.
er