Meny Lukk

Tre sysken frå JoPe-garden på Årskog

På ein annan portal har eg skrive at desse tre syskena var brorborna til fotografen, Sverre Volle. Det er feil. Sommaren 2022 kom ein kopi av eitt av desse tre fotografia for dag hos slekta i Jogarden Nørevartdal. Og ein kan slå fast med absolutt visse at dei tre borna er storsyster Ragna Vartdal [Grønnevet], bror Johan V. Vartdal og veslesyster Tordis Aarskog [Austlid]. Fotografiet er truleg frå 1912, iallfall før yngstemann i syskenflokken, Hans Aarskog, vart fødd i 1914.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *