Andreas Myklebust (frå Guttormegarden, busett i Volda) fortel i artikkelen ’Minne om husdyrulukker på Vartdal’ i Møre-Nytt av 26. juli 1986 om «ordtaket som eg ofte høyrde i barndommen. Var det husdyr, som oftast fleire, som ikkje var å finne, så høyrde du jamt: Dei vert vel å finne i lag med Nupa-smalen.»
Ei tid etter det med Buset-sauene (sjå artikkel i Minne frå Vartdalsstranda 2023) kom eg i lag med han Knute-Severin (1849-1920) på Myklebust fram gjennom dalen i utmarka. Han ville gjerne kvile, og me sette oss ei stund. Knute-Severin hadde mykje gamalt å fortelje. Og det var vel grunnen til at eg nemnde ordtaket om Nupasmalen. – Ja, dei fann smalen til slutt, men for seint. Om våren då snøen bråna, låg dei rett der borte under sloka i Skorgehornet, ut og opp for Årsetstøylen. Eit rovdyr må ha skremt dei, og det var vel òg seinhaustes. Frå Vassdalskaret hadde dei teke mot venstre, inn til indre del av Vassdalsvatnet, på baksida av vatnet og kanskje ned mot Årsetstøylen. Og så til siste kvilestaden.