Aarsetdalens skytterlag vart skjipa vinteren 1895. Eg var den vinteren i Hondalen, men då eg kom heim om våren vart eg med. Staten selde då Kammerladnings-geværa med 100 skot, men dei var so grovlæa, at det vart so store hol i skjiven når dei ein [h]ende gang slompa til å treffe. Det var Jarman-gevær det militære brukte då og me fekk låne 2 stk med dei. Det var magasin-gevær, med blykule omtrent same kaliber som Remington. Magasinet var eit rør som låg langs med sjølve løpet og skulle ein fylle det vart det so tungt at det var uråd å halde det på frihand.
Fyrste skytebana var ned for Øiebrauta, skivene stod i elvabaren. Interessa for laget var god, og mange eldre var med som passive. Også frå Nøre Vartdal var nokre med. I 1899 var der tilskjipa militærkurs på Voss, Og Sæss-Mass og Kvie-Lars var med der, då var Krag-rifla koma. Og på ekserplassen teke i bruk i 1900. Laget kjøpte 2 stykken.
Amtsskulelærar Ivar Vartdal var komen frå Norland for nokre år siden, han synte interesse for skjytersaka og årviss taler på festene. Han var eigar av Halvar-jorda og laget fekk løyve å lage bane på Timbreholen. Skivene stod då øvst på bakkekanten og markøren smattt ned for bakken og ein tåkelur vart brukt til å varsku med, ein episode ein dag gjorde at eg nekta å løyse skot før me fekk svingskjive, og der vart då tilrigga 2 stk. Hus bygde me nedst på bakkekanten. Der var stor luke på veggen mot skjivene som vart fråteken når det var skyting. Dekket på Vartdalbrua vart skjifta då, å me søkte til heradsstyret om å [få] av dei utskjifte planker til golv, og det fekk me. Me skulde take det me trengde resten skulde Vollekarane få til dekk på ei hengebru. Det var småt med penge den tida, so skottalet vart det ein fekk tilskot til og skota ladde me sjølv.
Staten selde Remington-riflene og det vart kjøpt nokre. Det var både brukte og nye. Mass og eg kjøpte kvar si ny og det var gode gevær. Då Mass bygde på Aarset i 1905 dreiv me med litt skyting ned under reinene. Til blink sette med opp ein stein so stor som ein bladvott og når det var treff kanta den.
Festene heldt me i arbeidsskulen, for noke møterom var her ikkje då, det var einast gamleskulen, og der skjipa Kvie-Pe til joletrefest for borni. På festene var det taler og song, litt mat og skodespel. Eit år synte me Mannen som skulde stelle heime. Eg hadde den hausten slakta ei kyr og huda var ihopsauma og fullstappa med hyvelspo. Flåskjer-Ole var det som var mann.
Skytterfestene hadde fått eit mindre godt ord på seg, og difor var det eit år nokre mødre skjipa til fest for døtrene. Samstundes me hadde festen. Neste år baud me inn dei eldre for at dei med sjølvsyn kunne sjå korleis det gjekk for seg. Då festen var slutt spurde eg kva dei tykte og dei så at når det er slik er det ingen ting å seie på festen.
Jentene var innbedne, både her i dalen og Nøre Vartdal, og fekk me då nokre av dei til å hjelpe til med maten, men eit år vart det so lite mat at me som stelte med den fekk ikkje noke.
Præmiskyting hadde [me] kvart år og til præmi var det so forskjelligt som var kjøpt den fyrste tida. Eg minnest eg fekk ei borvinde med 3/8 bor. Ein stor glasvase og ei gamaldags seterbok.
(1965)