Meny Lukk

Namna som forsvann – Kolbein/Kolbin

På 1600-talet fanst det minst fire karar som bar namnet Kolbein/Kolbin i Vartdals-bygdene. Ein av dei var kaksen på Øydgarden, Kolbein Jonsson. Han hadde tre døtrer, alle bortgifte til andre bygder på Sunnmøre. (Heilt sikkert kan vi seie at det fanst ingen mogleg svigerson gjev nok i Vartdal, i augo åt Øydegards-kaksen). Dermed vart det ingen ætling på Vartdalsstranda etter Kolbein Jonsson.

På 1700-talet er mannsnamnet Kolbein/Kolbin knytt til ei og same ætt i Vartdal. Dei dåverande sambygdingane snakka anten om han Kolbin, eller han Kolbi, Kolbein var ei form som høyrde skrifta til. Kolbin Hansson Buset (ca. 1715-1766), brukar av Johansgarden (eit gardsnamn frå seint 1800-tal), var «stamfar» til dei Vartdals-Kolbi’ane som kom etter han. Far hans var frå Fyldal i Ørsta, mor hans kjenner ein ikkje namnet på. Ganske truleg var ho dotter til ein Kolbin, som godt mogleg kan ha vore ørsting. Kolbin Hansson vart kalla opp att gjennom 1) sonesonen Kolbin Jetmundsson (1790-1843), brukar av Johansgarden, 2) dottersonen Kolbin Hansson Bjørndal (1800-1864), og 3) Kolbein Andreasson Rot (1846-1927), dotterson til nemnde Kolbin Jetmundsson Buset. Korkje på Buset, Bjørndal eller Rot førte etterkomarane namnet over på nye gutebarn i ætta.

Mannsnamnet går tilbake til norrøne Kolbeinn. Opphavleg var det eit tilnamn. Det har vore, og er, i bruk i Norge, Færøyane og Island.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *