Meny Lukk

Ramo-mannskap i 1916, 1917 og 1918

Laurits Vartdal (1870-1940) var skipper på «Ramoen» frå 1912 til båten vart seld i 1918. På VD-muséet finst ei «Kontobok for D/S Ramoens mannskap og sams». I boka har skipperen ført inn utbetalingar til mannskapa for åra 1916-18, 29 i talet, og eventuelt kva dei har til gode eller skuldar. Innføringane i boka har gått over eit tidsrom frå 10. januar 1916 til 7. april 1918. Boka inneheld ikkje opplysningar om fangstane båten gjorde desse åra.

Utbetalingane får ein til å tru at medeigarane i «Ramoen»: Hans Brandal, Elias Erdal, Ole G Myklebust, Rasmus J Sætre, Ole J Vartdal, Ivar Wartdal og ørstingen Knut Petter Hagen, var mannskap alle vintersild-sesongane 1916-18. Også Hans E Vartdal, Knut G Myklebust, Ludvik Bjørndal og Elias H Vartdal var mannskap alle tre åra. Medeigar Ludvik Flåskjer var mannskap 1916-17, broren Kornelius Flåskjer berre i 1916, ganske sikkert var han om sommaren med til fisket ved Island. Ole H Vartdal var om bord i 1916 og -17. Paul Sætre frå Stranda-garden var maskinist i 1916 og 1918, også Harald Einang frå Ålesund var maskinist i 1916, samt på vintersilda i 1917. Ålesundaren Julius Pedersen (f. 1885) var stuert i 1916 og 1917. Daniel Juliebø, som seinare busette seg i Sandvik i Ørsta, var fyrar alle tre åra. Frå 1. mai til midt i august 1916 avløyste Dankert Bjørvik (frå Grytøya i Troms) han som fyrbøtar. Follestaddalingen Lars K. Foldal var mannskap frå seinast juni 1916 og til 1918, Rasmus O Sætre i 1917-18, Karl «Kleiven» (truleg Karl Kleiven [1896-1979] frå Skarbøvika i dåverande Borgund herad) frå sommaren 1916 til 1917, Jon Aarset sommaren 1916. Hallvard Buset, Hans L Sætre, Petter A Sætre og Ole Erdal var med på silda vinteren 1918. Tidlegare (1916?) hadde Bertel Egge (f. 1892 i Breim) og Harald Vartdal vore med ei tid. Ei grundigare etterrøking av utbetalte pengesummar vil kunne sannsynleggjere kven som tok del i dei enkelte fiskja/fiskesesongane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *