Meny Lukk

Folk frå fortida – Alv P. Sætre



Alv P. Sætre (1910-1994), Åmunde-Alf, var eldstemann i ein syskenflokk på 10. Fyrste turen på vintersilda gjorde han med «Kirkholmen» i 1925. Dei neste åra var han også med på silde- og torskefiske ved Island og innom kvalfangst i Norskehavet. Vinteren 1929/30 gjekk han styrmannsskulen i Ålesund. Hausten 1930 gjekk han om bord i «Havmann» som fyrst dreiv fiske etter feitsild og om vinteren etter storsild. Sommaren-hausten 1931 var han i marinen. Seinare var han skiftevis på «Havmann», «Polhavet» og «Kirkholmen» som fiskar og bestmann. Hausten 1936 fekk Alv skipperjobben på Gjertsen-reiarlaget sin nybygde «Senior». Vel heimkomen frå islandsturen sommaren 1937 steig han om bord i den nyinnkjøpte «Ramoen». Han førte denne fiskebåten i to år, til dess «Ramoen» i 1939 vart vekkleigd til marinen. Alv byrja då på att om bord i Gjertsen-båtar. Frå sommaren 1949 til han slutta sjøen var han skipper på «Terten», ein båt han eigde part i. Han var ein bestemt og respekt skipper med omhug for mannskapet sitt. «Me er komne hit [til Vest-Grønland] for å fiske, ikkje for å setje flest mogleg krok», skal ha vore kommentaren hans då yngre skipperar rølte over kor mange krok dei hadde fått sett i sjøen. I 1934 fekk Alv frådelt eit jordstykke av Åmundegarden og busette seg der, ei 8-900 meter frå heimetunet. Same året gifte han seg med Edith Overå frå Liabygda Hareid. Dei vart foreldre til tre born som lever andre stader på Sunnmøre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *