Hans Busæt (1894-1983) vart ferdig utdanna frå utskiftingsavdelinga ved Norges Landbrukshøgskule i 1917. Så 2 år landmålar på Sørlandet, deretter 2 år assistent ved NLH. Frå Ås reiste han til Møre og Romsdal og har arbeidt i jordskifteverket der heile tida seinare. Fyrst som landmålar både i Austre og Nordre Sunnmøre, sidan som jordskiftedomar i Nordre Sunnmøre og i Nordmøre. Frå 1951 har han vore jordskifteoverdomar i Møre og Romsdal jordskiftedøme. Ordførar i Ørskog i elleve år, var også ei tid fylkesordførar i Møre og Romsdal. I 6 år var han formann i Sunnmøre krins av Norges Bondelag. Formann i Sunnmøre Husflidslag, i Ørskog bygningsråd, i Ørskog Kraftlag. Hans var oppglødd for det nasjonale og for det lokale kulturlivet. Han møtte jamt på årsmøta i Sunnmøre Museum og Sunnmøre Historielag. Han har òg vore mykje nytta som ferdatalar og festtalar på møte i ungdomslag, bondelag og helselag. Hans, som var frå Johansgarden på Buset, var gift med Louise Krohn Dale frå Norddal, foreldre til to jenter og ein gut. Budde på Lid i Ørskog.