Alt som ung gut kom Hans Busæt (1860-1942) til å seie til skule- og leikekameratane at han vilde verte lærar, og frå den dag kalla dei han «læraren». Vinteren etter han var konfirmert fekk han reise på ein ungdomsskule som kyrkjesongar Lars Hareide heldt. Med den kunnskap han no hadde fått vilde faren, han gamle Buset-Johans, at han skulde ta fatt på det praktiske liv, og næste vinter var han derfor med faren i torskefiskja; men sjøverk og lite lyst til dette yrket, gav faren den tanke, at det var best guten fekk gå den vegen han hadde hug til, um han so var eldste sonen og hadde retten til garden.
So tok han då ut, fyrst ein vinter på lærarskulen i Volda, og so til slutt til Tromsøy; der fekk han ein framifrå fin eksamen i 1880. No tok då den arbeidsdagen til som han hadde gledd seg til frå han var smågut, ein arbeidsdag som for honom skulde verte so rik og god. Fyrst var han ei tid lærar i Herøy på Sunnmøre, men hugen til å sjå meir enn berre Sunnmøre – til å få kjenne folket og folkelyndet, sed og skikk i andre delar av landet vart sterkare og sterkare i han. Derfor flytta han i 1881 til Salangen i Troms fylke. Der var han so i nokre år, til han flytte på nytt, og då vart det til Alstahaug på Helgeland. I denne tida var det at han vart gift med Elen Nordal frå Volda, som sidan hev vore so trugen og god ein hjelpar for han både i sorg og glede, i motgang og medgang.
I Alstahaug hadde han ein slitsam og tung post. Derifrå fór han i 1887 lenger søretter – heilt til Rygge i Østfold, og her arbeidde han, til han i 1908 tok styrarromet på Jeløy skule, som no hev 10 lærarar og um lag 400 bonn. I Rygge og på Jeløy er det Busæt hev lagt ned si beste manndoms kraft både i skulen og utanom skulen millom ungdom og eldre. Arbeidet i skulestova hev heile tida vore hjartesaka hans; der hev han vore med både fyrst og sist. Han er ein av desse gamle gode som ikkje er ferdig med bonna, um dei so er ferdige med skulen. Å nei, han visste nok kor vanskeleg det er for slike ungdomar i dei åra dei skulde gå over frå bonn til vaksne, og derfor fekk han med ein gong han kom til Rygge i gong Rygge ungdomsforeining, og formann var han so lenge han var i bygda.
Mangt eit godt såkonn hev han gjeve norsk ungdom gjenom sine foredrag, og til talar hev han vore og er enno mykje nytta, serleg hev han sin styrke i å tale til uppbygging. Kven vert ikkje teken av talen hans når han talar til unge og gamle heime i Vartdalskyrkja eller i skulekjellaren på Årset? Og honom fell det so lett, for han hev ei forunderleg evne til å kalle fram det fine og gode i oss menneske so me kan sjå ein liten grand høgare og lenger ut enn berre det som vedkjem maten og det daglegdagse strev og slit. Han er ein frilynd og sterkt religiøs mann, og sidan han er svært kyrkjeleg interessert og er vel inne i teologiske spørsmål, fell det so lett og naturleg for han å sameine dei tvo ting, norskdom og kristendom, når han talar til unge og gamle.
Utanfor skulen, i det kommunale liv hev han vore meir den stille mannen. Han sat nokre år i Rygge heradsstyre, og so var han i mange år med i styret for Østfold kreds av Norges lærarlag; i nokre år var han formann. Skulestyreformann hev han vore i mange år, men alt slikt hev han no sagt i frå seg, fordi skulen hans veks for kvart år som går og soleis krev mannen heilt ut.
Når me sunnmøringar sit kring bordet i bestestova hans og han sjølv enten sit ved orgelet og spelar og syng, eller han sit ved bordet saman med oss, som kjem talen alltid inn på heimen og heimbygda. Då fortel han gjerne um den tid han var gjætargut på Busetsetra – korleis han stod på høgfjellet og såg utover det blåe havet eller innover dei snøkvite fjelltoppane, eller han gjekk i skogen eller sat ved Skorgefossen og drøymde seg inn i eventyrlandet langt, langt der ute.
«Små-Hans» i Møre Tidend 10. februar 1920