Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Ola Sætre

Ola Hansson Sætre (1874-1946) var frå Larsgarden på Sætre. 16 år gammal var han i teneste i Sevringarden på Gjerdet i Hareidsdalen. Sidan livnærte han seg som fiskar, budde heime på Sætre i 1900. Noko etter hundreårsskiftet byrja han, i tillegg til fisket, å arbeide i Statens Hamnevesen. Han tok til som «Steinarbeider», men var lengste tida skytebas. Slutta i hamnevesenet etter over 30 års tenestetid. Ola var gift 1910 med Anna Tunheim frå Engeset i Volda. I 1912 fekk dei opp eit bustadhus på ei festetomt i nærleiken av heimen hennar. Åra frå 1911 til 1923 kom borna Harald, Borghild, Lars, Hjørdis, Aslaug og Ragna til verda. Ola var morfar til skulemannen Eivind og bankmannen Harald Indresøvde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *