Me traff ordførar L.K. Grønnevet og spurde korleis det gjeng med nydyrkinga i Vartdal. Ja, svara han, folk hev drive hardt på og brote mykje jord i heile haust. Serleg hev dei teke munarlegt i, Nørevartdalskarane. Kann henda at dei hev lettaste jorda å arbeida med, men so skal dei ogso ha den rosen, at dei er framifrå tiltøke. Av tvangsdyrkinga i vår stod der i heradet 28-29 pct. Dertil kjem det som er tiletla heradet av dei nye 3000 mål som fell på Møre fylke. Men der vil nok verta brote mykje meir i heradet, meinte ordføraren.
Eit merke på framtaket i jordbruket no er dei mange nyskipa reidskapslaga. Slike lag er nett skipa i Barstadvik, Nørevartdal, Årskog, Sætre, Myklebust og Buset, og fleire er i emning. Dei reidskap som desse laga skaffar seg, er ugrassprøyter, ugrashorver, radsåmaskinor, stubbebrytarar, plogar, tallerkenhorver, truskeverk, stutt sagt alt det som ein mann ikkje treng vera åleine um.
Søndmørsposten 31. desember 1918