Lina Romestrand (1888-1970) var frå Hansgarden på Masdal. Folketeljingane frå 1910 og 1920 viser at ho då var tenestetaus i Kortegarden på Romestrand. Om ho tente der i garden samanhengande, skal ikkje seiast for sikkert. I juni 1922 vart ho vigd til Nils Romestrand, gardguten i grannegarden Nilsgarden. Tre månader etter bryllaupet låg Karen [Barstad], deira fyrstefødde i vogga. Sidan kom borna Jørgen, Margit [Nesvik] og Helge til verda. Nils og Lina budde i og dreiv Nilsgarden, men eigde han visstnok aldri. Det gjorde mor til Nils.