Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Anne Marie Midtbust

Anne Marie Midtbust (1877-1957) var frå Sæssnilsgarden i Nørevartdal. Ho kom til verda det året då far hennar, Hans Sjursson Nørevartdal, byrja flytte gardshusa frå klyngjetunet nordapå Storelva til den staden tunet stend den dag i dag. 8 år gammal mista ho mor si, Kanutte, som døydde av magekreft. Visstnok lærte ho Anne Marie seg til meierske, det var truleg grunnen til at ho hamna i Stordal. Hausten 1906 gifta ho seg med enkjemannen Lars O. Midtbust og vart gardkone på farsgarden hans, Grigåsgarden på Midtbust. Vinteren 1922, straks før runda 45, vart ho mor til sitt åttande barn. Frå sitt fyrste ekteskap hadde Lars tre til born.

1 kommentar

  1. Kjartan Vartdal

    I følge Klara Myklebust, barnebarn til Kanutte, så skar hun seg på et strå og døde av stivkrampe.

Kommentarer er stengt.