For ein liten månad sidan fekk sogelaget overlevert to ungdomslagsbøker frå Nøre-Vartdal. Dei har vorte teke vare på i Nilsgarden, truleg i over 90 år. Bøkene inneheld skriveøvingar frå tida 1918 til 1927. Eine boka er om lag 21×34 cm vid, den andre er 26×41 cm stor. Den minste boka inneheld tekstar frå seint i 1918 og ut året 1920. Den andre dekker åra frå 1921 til 1926.
Denne type bøker gjekk på omgang mellom medlemane i laget, det var kvar sin tur å vere bladstyrar. Tanken var at ungdomane skulle få øvd seg opp i å skrive og gjerne formulere eigne tankar. På ein måte var det ein skule etter at skulegangen var over. Ein må hugse at dei fleste i denne tida i toppen fekk eitt år på «vidaregåande» skule, nokre inkje ut over dei sju (ganske kortvarige) åra med folkeskule.
Somme av dei skrivande nyttar både eige namn og løyndenamn, andre berre løyndenamn. Tekstane er i både lyrisk og prosaisk format. Kor vidt tekstane er «sugne av eige bryst», eller ganske enkelt avskrifter frå bøker og blad, er ikkje heilt enkelt å seie utan å gå grundig inn i skrift-materialet.
Her tek vi med avslutninga i den yngste av dei to ungdomslagsbøkene. På siste sida er ei lyrisk tekst underskriven av Petra Vartdal, det må vere Petra K. Vartdal (1902-1987) i Fremste Steinagarden, Store-Petra kalla.
Mot fiskja
Smilande i solskin bleike ut mot havet stort og blått, strekkjer seg dei gamle grender under høge bergholslott.
Fager, klår er vinterdagen, lette skyer dreg mot nord. Svarte skyer og nakne holmar speglast i ein stavstill fjord.
Båtane dei ligg på hamna klar å dra til fiskja ut. Silda kjem! No vert det arbeid for kvar uredd fiskargut.
Snøggt farvel med sine kjære tek han, og det ber avstad. Aldri slik som ut på havet fiskaren seg kjenner glad.
Hardbalt er nok fiskarlivet. Mod og manndom tidt det krev, men det er nok difor Sunnmør slike staute søner hev!
Lukke til då, fiskargutar, gjev at held dykk fylgje må. Han som hav og himmel styrer, lyt for liv og lagnad rå!