Hans J. Vartdal (1894-1924), Bakke-Hans, var i 1919 ein av åtte, for det meste yngre karar i Nøre-Vartdalbygda som var med om å kjøpe ein 42-43 fot lang motorkutter dei gav namnet «Isflaamann». Ein har grunn til å tru at Hans var ein av dei som førte båten til ulike torskefiske ute på Storegga og felta sør om Staden, samt til fiske etter sild på dei same felta og inne i fjordane på Sunnmøre.
Då ein i 1918 skulle bygge ny veg fram gjennom bygda til Årskog, var det meininga vegen skulle gå i ei strak linje frå Steingrova ved Steinagarden Nørevartdal til Ivagarden på Årskog. Bakke-Hans fekk i staden lagt inn eit lite bend, ettersom han hadde tenkt å bygge seg hus på Bakketeigen. Tuberkulose og tidleg død gjorde planen hans om inkje. Veglinja ligg i 2023 slik Hans ville ha henne, for 105 år sidan.
