Meny Lukk

Uår og gardssal i Nørevartdal

Nils Vind på Taskeberget i Borgund dreiv handel. Frå 1735 til ut i 1780-åra var der gode fiskje i Borgundfjorden. Då tok folk ut hamp, korn, brennevin og andre varer med Vind og tenkte lite på at dei gode fiskjene kunne ta ende. Men så minka fisket av. Tidene vart dårlege, folk løyste oppatt torskegarna og batt sekkenøter av dei. Handelsmann Vind slo under seg gjeld, mellom anna jorder i Nøre-Vartdal. Tradisjonen seier at Torejorda kom til Vind såleis.

Etter Ola Liset, 1919, ved Johan Haddal.

Niels Jacobsen Wind (1744-1799) var kjøpmann, landhandlar og apoteks-ekspeditør på Taska (Sørneset) i Borgund. Det var i 1780 Tore Jetmundsson Nørevartdal (1735-etter1801) selde jordparten sin til kjøpmann Holtermann i Steinvågen, ein part som Wind anten kjøpte eller arva. Sidan sat Tore-bøndene som leiglendingar, heilt til 1887. Liset-Ola tente frå 1861 i to år i Toregarden. Der laga han då hjul og den fyrste høyvogna i Nøre-Vartdal.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *