Meny Lukk

Folk frå fortida – Andreas E. Myklebust

Andreas E. Myklebust (1877-1968) var frå Andersgarden på Årset. Frå 1895 gjekk han to år i smedlære i Hornindal. I heimbygda bygde han seg smie, laga ljår og vølte anna gardsreidskap. I 1901 vart han medeigar i ein fiskebåt, dreiv torskefiske vintrane fram til 1919. År 1908 gifta han seg med Petrine Myklebust på Bøen, fekk skøyte på småbruket av svigermor si. Borna Elling, Ole, Jon, Reidar, Olga, Arne og Asmund kom til verda i åra fram til 1920. 56 år gammal vart Andreas enkjemann. 1935-43 var han smed på Hjørungavåg mek Verksted. Kan hende var han den fyrste på Vartdal som fekk seg tråsykkel, kjøpte motorsykkel då han var bortimot 70. I bygdestyringa var han fleire år medlem av kommunestyret, i lengre tid formann i trygdekassa. Ei 30 år var han med i skulestyret, formann 1923-29 og på nytt i 1934. Om lag 20 år var han revisor i Vartdal Sparebank. Andreas, til dagleg kalla Gamlesmedem, «er ein av dei som med sitt gode humør og ljose sinn, gjer at det er ein hugnad og kveik å møte».

1 kommentar

  1. Solbjørg Høydalsvik Ulvestad

    Flott ungdomsbilde av morfaren min – Andreas E Myklebust.
    Dette bildet har eg ikkje sett før.
    Vil gjerne ha tips om bilder frå «Bøen» Myklebust og andfe relevante bilder` og historier
    Mor mi Olga Petra Andreasdatter Myklebust f. 1916 – , g. Ødegård.
    Ho fekk fotoapparat til konfirmasjonen og på sine eldre dagar fotograferte ho mykje
    Etterkommarane mine vil at eg skal lage «slektsbok» med bilder og tekst om slekta vår på «Vartdal».
    Sol H. Ulvestad – lokalhistorikar og slektforskar

Kommentarer er stengt.