Etter upptak av ungdomslaget «Bard», Barstadvik, sette dei frilynde ungdomslaga i Ørsta og Vartdal kvarandre stemne på Steinstølen sundag den 5te august [1923]. Stemna tok til kl 1. Nils B. Rebbestad ynskte stemnelyden velkomen.
Gardbrukar Knut Fyldal las vanilja på dagen og tala um den. Han la serleg vegt på kor avgjerande vigtig det er for kvar einskild å få sitt hjarta og liv i samspel med Guds ord og fyresegn. Dette var i fyrste rekke det avgjerande, dersom «Mit hus skal vera eit bedehus istaden for ein røvarbustad». Ålvorleg og liketil tala han um kor gjerne Gud vilde taka kvar einskild ungdom i handa og leida han gjenom livet til lukke og sæle. Han slutta med eit ynskje um at ungdomen vår og landet vårt må nå fram til større lukke og til betre livsvilkår for kvar ættled som gjeng.
Høgskulelærar Johs. Buset tala um sann kultur. Han prova at kulturen er skiftande, folk som ei tid stod høgt i kultur, deira kultur hev tida blømt av. Det er den ytre kulturen som no ei tid er vore i vinden. Skulane våre må meir enn fyrr taka sigte på og oppseda den indre inderlege eldhug, som strøymar innanifrå og som åleine skapar sann kultur. Kultur er å vera sann. Eit sant menneskje er eit kulturmenneskje. Han nemnde tvo livsmakter, som han ynskte ungdomen vår måtte vinne. Den heimsleg livsmakt og den himmelske livsmakt. Den heimslege livsmakt som kann føra oss heimatt til oss sjølve, og den himmelske livsmakt, som vender vår hug uppetter til Gud.
Dette var sann kultur.
Presten Karl Roald heldt so eit framifrå kjenslerikt fyredrag om optimisme og pessimisme. – På ein forvitneleg måte prova han kor mykje lukkelegare optimisten er som menneskje og som kristen framum pessimisten. Han drog fram ein liknad um ein gut som gjekk langs sjøen og søkte etter skattar. Her fann han eit skrin med nokre steinar i. Desse steinane tok han og kasta utover sjøen, so lenge han hadde berre ein stein att, då fekk han vite at desse steinane var verdfulle diamantar. – Me gjeng ogso og leitar etter skattar, lat me taka vara på desse skattane, som Gud gjev oss. Dagane er slike skattar, ein dag burtkasta i fånytte kjem aldrig att.
Han var glad over at han fekk tala på denne stemna, og slutta med eit ynskje for denne ungdomen, som hadde samla seg der, at dei i desse vanskelege tider måtte vara seg for dei vonde makter og vinna fram til personleg kristendom.
Knut Fyldal tala so um avholdssaka som no hadde lide eit nederlag, men som han vona og trudde vilde få sin uppreisings dag til større lukke for folk og land. Til slutt tala han om målsaka og vår klædebunad. På ein skjemtefull måte påviste han kor løgje det ofte vart, når ein skulde herme upp etter eit mål som ikkje høner kann [sic].
Barstadvik songlag, som diverre var fåtalige, song både millom foredraga og til slutt.
Stemna var sers vellukka. Det som var fyre seg havt på stemna kann samlast i desse orda: «For Gud, heim og fædreland!»
Follestaddalens ungdomslag, serleg Nils B. Rebbestad og stølsgjentorne på Steinstølen, som hadde stelt til stemna er så stor takk værdt for sitt arbeid. Skodda gøymte for det meste fjelltopparne, betre vilde det ha vore til å samlast til stemne i denne herlege sæterdal dersom det hadde vore sol og høghimmel.
H. BARSTAD
Søndmørsposten, 13. august 1923
*Seinare vart det lyst til stemne på Steinstøylen 31. juli 1926 og 15. august 1927.