No onsdag [9. oktober 1912] hende den ulukka på Vartdalsfjorden at Guttorm J. Myklebust, Knut S. Vartdal og [sonen] Rasmus K. Vartdal [frå Larsgarden] kollsiglde burtfor Haugen med ein kufarm. Dei hadde 3 kyr i ein trerøring og siglde. So kom ein drivgard og kolvde båten. Kararane kom seg på kolvet [sic], men kryteri gjekk til. Kararne vart berga av Sevrin Haugen og nokre av vegarbeidarane hans. Ei av kyrne kom burt, men dei 2 andre fekk dei bakse tillands, daude sjølvsagt. Kararne var på veg til Alme med kryteri, som skulde på vinterfôr i Hareidsdalen.
Søndmøre Folkeblad, 12, oktober 1912.
Tvo av kyrne var bundne i båten. Dei drukna straks. Den tridje kom seg laus, og ho sumde ikring båten til ho var sprengd og sakk.
Møre, 16. oktober 1912.