Laurdag den 10. september vart det halde tvo sjå, det eine i Barstadvik kl. 9 for Barstadvik og Bukta, og det andre på Sør-Vartdal kl. 13 for Søre-Vartdal og Nøre-Vartdal. Til sjået på Sør-Vartdal var innmelde 160 kyr, 1 ukse og 2 verar. I Barstadvik var innmelde 67 kyr.
Fylkesagronomen var velnøgd med kyrne på Vartdal i det store og heile. Sers velnøgd var han med sjået på Sør-Vartdal, og det hev vore munaleg framgang siste åra, so no stend kyrne på Søre- og Nøre-Vartdal millom dei beste på Sunnmøre. I år var det like mange kyr som var umlag 10 kvart som det på sjået i 1911 var av slike som var umkring 9 kvart, sa fylkesagronomen. [Kvart viser til storleiken på dyra].
Av feavlslag er her tvo på Vartdal, Nøre Vartdal feavlslag og Myklebust og Kviens feavlslag. Desse syner gode frukter. Det eldste av desse er Myklebust og Kviens feavlslag, og desse tvo gardane stend langt framanfor dei andre på Vartdal med store, vene og gode kyr, i alle fall om ein skal retta seg etter premilista. Ser ein etter fyrst på lista, fær ein sjå at desse tvo gardane hev 18 andrepremiar, medan resten av Vartdal, i det heile 23 gardar, hev berre 22 andrepremiar. Desse tala gjev oss ikkje noko visst prosenttal å halda oss til, men me fær eit inntrykk av skilnaden likevel. Vonar at mange gardbrukarar tek lærdom av dette sjået og.
Ørsta Avis, 19. september 1932
Premielista viser at Martin I Myklebust (Ivagarden) stilte 3 kyr og alle fekk andrepremi. Knut O (Toregarden), Hans K (Mikkelgarden) og Jon G (Guttormegarden), alle tre frå Myklebust, fekk alle kvar sine 2 andrepremiar og 2 tredjepremiar. Berre 6 av kyrne i Barstadvik/Bukta vart tildelt andrepremie. Best ut her kom Nils Rotnes med 2 andrepremiar og 1 tredjepremie.