Ole Sæthre (1877-1954) var frå Gullikegarden på Sætre. Han gjekk i yngre år folkehøgskule, mellomskule og underoffiserskule (sersjant/furer). Kortvarig arbeidde han som kontorist i Ålesund og, frå seinast 1900, i Bergen. I 1905 fekk han stilling i saftpresseriet Natural A/S i Bergen. To år seinare overtok han som disponent for presseriet som heldt til på Dreggsallmenningen 32 og i 1910 reklamerte med bringebær-, tytebær- og blåbærsaft, samt syltety. I 1912 gifta han seg med Kathinka Johannesen. Dei fekk ikkje eigne born, og tok til seg småjenta Mary. Ole dreiv Natural A/S til opp i høg alder. Firmaet vart oppløyst etter han døydde. I heimbygda vart han kalla Bergen-Ole. «Hobby: Idrett og fiske.»
