Meny Lukk

Barstadvik og Bugten Folkeboksamling

På VD-muséet er det arkivert fleire titals lagsbøker og protokollar av ulikt opphav. Ein av desse protokollane kjem frå «Barstadvik og Bugten Folkeboksamling». Han fortel at heradsstyret i 1906 vedtok å dele «Vartdalstrandens Folkeboksamling» i «3 dele etter skattelikiningi soleis at Aarsetdalen skulde ha 5/11, N. Vartdal 2/11 og Barstadvik og Bugten til saman 4/11». Kor mange bøker som då skulle fordelast til dei tre nydanna boksamlingane vert ikkje opplyst.

Heradsstyret valde Ola Erdal, Ole S. Rotnes og Olav Myklebust til bibliotekstyre for Barstadvik og Bukta. Styret «gjekk saman den 17–12–06 paa Lynge». Dei valde Myklebust til formann, Erdal til nestformann og Rotnes til «kassestyrer». «Paul Lynge» lovde å «styra med boksamlingi og føra bok med utlån og tilbakelevering». Styret vedtok å kjøpe inn 8 bøker, den dyraste til kr 3,50, den rimelegaste kosta ei krone. Dei fleste var skrivne av kjende nynorsk-forfattarar, så som Jens Tvedt, Vetle Vislie, Sven Moren, Arne Garborg og Hulda Garborg, Anders Hovden.

Anders Hovden må ha vore sjølvsagt for det fyrste styret i boksamlinga.

Litle-julaftan 1907 møttest styret til nytt møte. Her sette det opp ei kjøpsliste som omfatta 16 bøker og tidsskrift. Verk frå Vislie, Tvedt, Hovden og Moren kom med på ny. I tillegg kom også nokre arbeid av religiøs karakter med, representert ved teologane Klaveness, Janson og Bang. Eit heilt anna innhald møtte lånarane i «Bondestrid» av Halvdan Koht og i Harald Meltzer sine «Politinotitser», dei siste var elles prenta så tidleg som i 1848-52.

5. juli 1908 vedtok dei styret å skaffe boksamlinga ei rekke bøker som handla om det praktiske liv. Mellom dei var ei «Husdyrlære» til kr 5,40 og «Ægteskab og familieliv» til kroner 1.

I januar 1909 bestemte styret at utlånstida skulle vere halvannan månad og den enkelte lånaren fekk «berre tri bøker» i gongen. Nynorsk-skrivande var rikeleg representert på handlelista, nye folk var Olav Duun med «Marjane» og Olav Sletto. I romjula same året vart bokstyraren pålagt å skrive til dei med «gamle boklån» for «straks» å få bøkene innlevert.

Formannen Olav Myklebust døydde seint i 1913. I oktober 1914 møttest styret, leia av lærar Blindheim, for fyrste gong på fire år. Styret vedtok å flytte boksamlinga frå Lynge til samlingshuset (Samhald). Ei «høveleg skaap verta kjøpt der bøkerne skulde setjast». Utslitne bøker skulle «verta brende». 8 av 10 bestilte bøker var på nynorsk, Jonas Lies «Den fremsynte» var ei av to forfatta i riksmålsdrakt.

Blindheim søkte i 1915 og fekk statstilskot til boksamlinga. Ei nyordna boksamling opna den 8. august 1915. Eit regelverk i 9 punkt gjorde, mellom anna, greie for at lånetida var 4 veker, ein kunne låna 2 bøker og det vart innført «Yvertidspengar, 5 øre vika». Oppmoda av Kyrkjedepartementet om å handle i god til før «jolesjauen», tinga Blindheim og «Paal Lynge» verk av Jacob Breda Bull, Rasmus Løland, Herman Angell og fleire.

Hausten 1917 tinga styret 12 bøker med varierande emne, dei aller fleste forteljingar av forfattarar velkjende i samtida. I tillegg gav lærar Eivind Fossheim boksamlinga «Jartrud Gilurdi» og Ola Erdal «Sundhedlære for unge kvinder». Nils Rotnes var då komen med i styret i staden for far sin.

Neste protokollførte møte vart avvikla den 13. mars 1921. Verk av yngre forfattarar som Sjur Bygd, Olav Hoprekstad og Sigrid Undset, og gjengangarar som Duun, Seland, Tvedt, Angell, Moren og Vislie, var innkjøpt «for private gaaver». Av offentlege bidrag, kommunale og statlege, brukte styret heile 64 kroner på ei 9-bands standardutgåve av/med Bjørnstjerne Bjørnson.

Mange av Sven Moren sine forteljingar kom til utlån.

Dryge ti år seinare, 30. desember 1931, kjem den neste innførsla i protokollen. Paal Lynge og Nils Rotnes er underskrivne. Mellom dei knapt tjue bøkene dei vedtok kjøpe finn ein tre stykke av Roald Amundsen og to av Selma Lagerlöf. Attåt kjenningar som Hovden, Moren, Vislie, Tvedt, kosta dei verk av Inge Krokann, Knut Gjengedal, Ragnvald Vaage og Eivind Berggrav.

Verk av Henrik Ibsen fanst kanskje att frå den udelte Vartdalstranden-boksamlinga. I 1933 handla styret, Jakob Romestrand, Johs. E. Barstad og Nils Rotnes, inn «Peer Gynt» og «Brand», kvar til ein pris på 4 kroner. «Markens grøde» av Knut Hamsun kosta kr 6,40, for «Christianus Sextus» av Johan Falkberget måtte ein ut med kr 8,30. Av heile 45 tinga band, merkar ein elles seg Henrik Straumsheim med «Fjordlandet», Arne Garborg med «Fred», Olav Holtedahl med «Hvordan landet blev til», Fridtjof Nansen med «På ski over Grønland», og to verk av Leo Tolstoj.

Fem år seinare, 4. mars 1938, skriv Jakob Romestrand, Harald Sætre og Anders Hilde under då 5 bøker vart tinga. Ytterlegare fem år gjekk til neste protokollførte styremøte. Harald Sætre skriv då at boksamlinga skal kjøpe bøker av, mellom andre, Falkberget, Sigrid Boo, Hans E. Kinck, Olav Gullvåg, Magnhild Haalke, Arthur Omre, Bjørn Rongen og Hallvard Devold.

Inge Krokann talte på Vartdal i mellomkrigstida.

Den 27. november 1947 set styret opp ei liste på 53 band som skal kjøpast til ein samla kostnad av ca kroner 420. «Ivar Barstad d.y.» listar opp alle dei 53 titlane. Her skal nemnast nykomarar i boksamlinga som Nini Roll Anker, Arne Bergsgård, Jan-Magnus Bruheim, Johannes Heggland, Jakob Sande, Sigmund Skard, Tarjei Vesaas, Herman Wildenvey, Arnulf Øverland, Camilla Collett, Amalie Skram, Max Manus, Olav H. Hauge, Tor Jonsson, briten Winston Churchill og svensken Ivar Lo-Johansson. Knappe to månader etter, kompletterer styret samlinga med innkjøp av Arne Garborg sine «skrifter i samling I-VIII» og tre band av Arthur Koestler, med fleire.

Tre styremøte hausten 1949 stadfesta at ein var komen inn i ei ny tid. Enno ein gong tinga boksamlinga ei femtitals bøker. Heretter kunne lånarane lese om Thor Heyerdahl og Kon-Tiki, Shetlands-Larsen av Frithjof Sælen, «Landet med de kalde kyster» av Helge Ingstad, «Den siste viking» av Johan Bojer og om mange andre menneske og tilhøve. Boksamlinga var «open for utlån kvar laurdag frå kl. 19 til 21.» Utlånstida var 3 veker for skjønnlitteratur og 4 for faglitteratur. Svein Volle var frå 1. november 1949 «bibliotekar» med ei årsløn på kr 150.

Åsta Holth var ei av få kvinner representert i boksamlinga.

Protokollen vert avslutta med tre styremøte frå høvesvis 1951, 1955 og 1957. Ivar Barstad og Jakob Romestrand har i samråd vedteke å kjøpe kringom 70-80 verk, mellom dei fleire trilogiar. Halldor Laxness, Victor Hugo og Lars Berg var mellom dei som vart innkjøpt i 1951. I 1953 skaffa karane heile seks romanar av finske Sven-Erik Salje, attåt «Dikt i samling» av Olav Aukrust, «Utvandrerne» og «Innvandrerne» av Vilhelm Moberg og «Lasso rundt fru Luna» av Arthur Mykle.

Dei siste notata er frå 14. april 1957. Barstad og Romestrand set opp ei tingingsliste med ei drøss klassiske verk frå den såkalla verdslitteraturen. Ein nemner i fleng «Fru Bovary» av Flaubert, «Krig og fred» av Tolstoj, «Lord Jim» av Joseph Conrad, «Huset Buddenbrook» av Thomas Mann, «David Copperfield» av Charles Dickens, «Gamle Goriot» av Balzac, «Quo Vadis» av Sienkiewicz (Alle saman romanar som underskrivne har lese). Dei to karane avsluttar lista med 12 verk på norsk, mellom dei «Kornet og freden» av Åsta Holth. Aller sist kjem «Ørretboka» av Iacob D. Sømme.