Meny Lukk

Folk frå fortida – Petrine O. Myklebust

Petrine O. Myklebust (1877-1934) var frå småbruket Bøen på Myklebust. I ungdomen var ho med på spelstykke. Då det frilynde ungdomslaget i Årsetdalen vart skipa i 1907, vart ho vald inn i styret. Vinteren 1908 gifta ho seg Andreas frå Andersgarden på Årset. Etter som dei to brørne hennar hadde utvandra til USA, slo Petrine og Andreas seg til på Bøen. Andreas, som også var smed, fekk skøyte på småbruket av svigermor si i 1908. I åra frå 1908 til 1920 sette Petrine sju born til verda. Fem av desse var vartdalingar livet ut: Elling, Ole, Reidar, Arne og Asmund, medan Jon gifte seg til Overå i Hareid og Olga til Øvsteberget i Volda. Petrine døydde 56 år gammal av det som den tilkalla lækjaren kalla «Hjertekrampe».

Petrine O. Myklebust, foto frå kring 1900.