Meny Lukk

Folk frå fortida – Pål Rasmusson Lynge

Pål Rasmusson Lynge (1786-1862) var opphavleg frå Barstad. Han var gift med jordajenta Ingeborg Finnsdotter Lynge (1784-1860) i Hansgarden der. Pål eigde noko jord i Velle i Ørsta og fekk i 1810 ordna det slik at han vart eigar av gardsbruket på Lynge gjennom eit makeskifte. Berre eit fåtal vartdalingar var sjølveigarar den gongen. I 1816 betalte Pål meir i sylvskatt enn nokon anna vartdaling. Han var også ein av dei frå bygdene her som betalte mest i næringsskatt, både då og seinare. Pål var presten sin medhjelpar i Hareids-kyrkja gjennom mange år. I 1837 var han ein av tre frå Vartdalsstranda som vart vald inn i det aller fyrste heradsstyret for Ulstein. Ein fjerde vartdaling var formannskapsmedlem. Både Pål og Ingeborg levde så lenge at dei måtte sjå Lynge-tunet brenne ned i 1858. Svigersonen flytta då bruket sør om Kokelva til Kollane. Fem døtrer fødde i tida 1812–25 voks opp i Hansgarden, Dei fire eldste vart verande barstadvikarar livet gjennom, den yngste gift og busett på Hareid. Ettersom oldeborna åt Pål og Ingeborg på Kollane døydde barnlause, tilfall Hansgarden i 1972 den norske stat.