Meny Lukk

Lukke i vanlukke

Ein brevskrivar fraa ei sunnmørsbygd, Aarsetdalen, fortel, at ein lækpreikar som heldt tale til ein stor folkemuge under berr himmel var so ille ute for aa faa folk te graata. Alt det han røykte med eld og svovel so var det like traatt. Dei var som trolla folket den dagen. Men just som han heldt paa misse modet, kom der ein hard vindstøyt og føykte med seg sand fraa ein sandhaug tett ved og fylltte augone paa folk. Men daa vart der «rørelse» kann de tru. Folk tok til lommedukane sine, og der kom mod i han paa talarstolen. Han heldt attpaa ei lang takkebøn til vaarherre, som hadde «vækket saa mange i den stille time». – Me hev fenget eit undomslag her no. Lærar Hans Vartdal er styrar. Dei vakte er fraa seg kann du vita. Dei hatar ljoset.

«Fedraheimen». «Radikalt Arbeiarbla» av 19. oktober 1889. Bladet kom ut på Tynset med dalsfjordingen Rasmus Steinsvik som ansvarleg styrar.

Kven denne brevskrivaren var, må ein berre kunne spekulere over. Men det kan ikkje ha vore mange i Årsetdalen (som her nok viser til heile skulekrinsen) som tinga «Fedraheimen».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *