I gamle dagar var folket like mykje og kanskje meir avhengig av ver og vind enn notildags. Men dei hadde ikkje radio som dei kunne slå på når tida kom for å lya på vermeldinga, nei, dei måtte nytta seg av ymse teikn og merke ute i naturen for å kunne forutsegja veret. Almanakka vart også mykje nytta av slike som forstod seg på dei ymse teikn og aspekter som heilt til ca. 1920 vart nytta der. Det hadde til dømes mykje å segja på veret kvar månen stod når det vart nymåne, og dei som forstod seg på det brukte også teikna for planetane, serleg kunne Jupiter (Firkløen) ha stor innverknad på veret. Mange av gamlekarane var reine ekspertar når det galdt verspådomar og i å tyda almanakka. Sume trudde på desse spådomane, andre ikkje.
Frå Vartdal har eg høyrt nemnd fylgjande vermerke:
*Når ein ser sin eigen ande vert det snart godver.
*Høyrer ein i Kvien kraftig sus frå sør (Skorgefossen) vert det godver.
*Når rjupa skrik om morgonen i sydleg retning Kvien, vert det sydleg ver.
*Når svalen flyg høgt vert det godver, flyg dei lågt vert det ruskut ver.
*Når det tek til å låta og pipa i ovnen vert det godver (godverspipa).
*Veret kjem frå den kanten som månen stend når den tendrast.
*På Masdal seier dei at når skodda legg seg ned i Grytadalen då vert det regn.
Utdrag frå ein artikkel i Møre-Nytt av 21. desember 1953.