«Dordei er eit kvinnenamn» står å lese i Store norske leksikon. «Det er ein variant av Dordi som er norsk og svensk form av Dorotea.» I den fyrste halvdelen av 1700-talet fekk bortimot ti jentebarn i Vartdal, frå Remen i sørvest til Barstad i nordaust, namnet Dordi/Dordei/Durdei. Kva taleform dåtidas vartdalingar nytta av desse tre variantane, sjå det kan ein ikkje seie då kjeldematerialet er så spinkelt. Jamnt auka tilgjenge på skriftleg litteratur i 1800-åra fortrengde desse lokale namneformene, så variantar som Dorte og Dortea fekk gjennomslag. Dermed fekk ein Dorte Pålsdotter Lynge i 1817. Og ein fekk Dortea A. Myklebust (1834-1923), innflyttar som vart bondekone i Guttormegarden. Sonedottera hennar, Thea Myklebust, g. Indreeide (1886-1977), var døypt Dorthea. Dordi-namnet har «overlevd» på Nordmøre og i enkelte andre bygder. Curling-spelaren Dordi Nordby er vel den best kjende namneberaren i dagens Norge.