Meny Lukk

Krøterutstilling i 1898

På Vartdalsstrandi var krøterutstilling [onsdag] den 7. september [1898]. Godt og varmt var det med en næsten tropisk himmel yver oss. Mykje krøter (196 kyr, 25 okser) var møtt fram, men meir folk trur eg.

Meda amtsagronom Roald og M. Halkjelsvig så på dyri, heldt meieribestyrer Mork foredrag um «Upprettelse av griseslagteri.» Han trudde, at tidi for å få det istand no var inne. Statistikken synte ogso, at bruken av feitevarer var større enn av kornvarer etter folketalet no mot fyrr i tidi. Slikt måtte landmannen merka seg og draga nytte av det. Tilslut sette nokre namni sine på aktielista.

Eg hev gløymt å segja, at rundt utstillingsplassen vaja reine flag og ein talerstol var sett istand attmed, men vart ikkje bruka, då kyrne ikkje vilde stansa med sin musik.

Ei stund etter samla folket seg burte i ein annan bakke, og ordfører Vartdal heldt ein tale for den strævsame plassemannen, Steffen Rommestrand. Han kom som ung mann til Barstadviki, fekk seg der ein urydd plas og tok so med kona ved sida til å gjerda og rydja. I fyrstningi fora han ei ku, men slutta med å fora 7-8 kyr og øyk. Det var eit fagnatak, som nokre frå Barstadviki ikkje godt kunde tegja på, men måtte ymte um det til landhusholdningsselskabet. No hev det sendt honom Steffå ei liti løn for sit stræv, og ordføreren skulde bera det fram.

I talen sin minna han um dei gamle grekarar, som kom saman til fester og kappleik og vinneren gav seg og sine «hæder og ære». Soleis hev ogso folket no sine stemner, um dei enn kan vera på ein annon måte. – Trufast arbeide er væl so godt som mange gode ord; den, som kan få tvo strå til å veksa der det fyrr var berre eit, hadde gjort væl so mykje som den, der hadde skrevet ei måteleg god bok. Fyre talen song lærar Myklebust songforeining «Gud signe Norigs land» og etterpå «At far min kunde gjera», «Norge, Norge» o.fl.

So kom amtsagronom Roald og fortalde, kva som var tanken med utstillingarne, at han ikkje var komen for å leita upp dei dyr, som kunde gjeva eigaren dei beste innkomer, – at utstillingerne ikkje måtte verta ein kappestrid um premier. Han var i det heile vælnøgd med utstillingi. Især var okseutstillingi «udmærket». Særlig vilde han nemna ei samling av unge dyr frå «Øvre Aarsetdalens kvægavlsforening» som stjerna i det heile. Difyr vilde han beda alle få istand «kvægavlsforeninger.» Tilslut heldt han eit foredrag um «kalvkastning».

Av premielista:

Oksar: 2. premie: Grynt (Ø. Aarsetdalens kvægavlsforening). 3. premie: Balder (N. Aarsetdalens kvægavlsforening). Opmuntingspremie til oksane Odin (2 i talet), Jakob, Kvik, Gråfeld (2), Ymer. Balder, Blomsten, Gråtor, Bjørn.

Samling av kyr: 2. premie til Petter G. Remmen og Martinus Barstad. 3. premie: Sevrin Myklebust og Guttorm Myklebust. Heiderleg omtale for sine ku-samlingar fekk Iver I. Aarskog, Johannes Nørevartdal, Johannes K. Sørevartdal, Johannes K. Buset, Bernt Rot og Edvart Melbø.

Kyr enkeltvis: 2. premie til Grådue (Iver Romestrand. 3. premie til Svane (Johannes N. Aarskog), Lukkestjerne (Sivert Remmen), Skautafru (Olavius Kvien), Aftenstjerne (Olai Saltrø), Panneros (Knut Sørevartdal), Fløykolle (Lars Sætre), Reisegås (Elias Sørevartdal), Kveldrei (Peder Myklebust), Lukkestjerne (Synneve Myklebust), Fløyros (Steffen Romestrand), Færalei (Laurits Masdal), Netteldue (Jørgen Romestrand), Mostafina (Karl Sætre), Perlekrone (Guttorm Barstad), Hanfru (Johannes Barstad), Reik og Blaros (Johannes R. Buset), Skautakolle (Rasmus Festøy), Spongrei (Iver Romestrand).

Sauer: 2. premie for samling til Bernt Aarset. 3. premie for samling: Iver Romestrand, 3. premie for verar: Iver Romestrand, Johannes Nørevartdal og Ole L. Barstad d.y.

Deretter vart det utdelt premier til 3 jenter, som hadde ført melkerekneskaber. Disse viste oss, at vort krøterstel er enddå ikkje so bra, som det skulde vera. So kom myrkret og jaga kvar til sin heim. Me må tru, at slike stemner vil gjera sit til, at det må verta meir samhald ogso millom landmannen.

Søndmørsposten, 19. september 1898.