Meny Lukk

Ei kvild i slåtten med Årskog-Andreas

Han Årskog-Andreas sov middag då vi kom på vitjing. Og ikkje misunte vi den 92-årige Vartdals-hovdingen ei lita middagskvild når han sjølv såg seg stunder til det midt i hardaste slåtten. Men før vi hadde fått sukk for oss, var han på plass på slåttemarka med riva og småljåen klar til ny innsats. Ånei, han er ikkje van med noko unnaluring som har slite for føda og utkommet sidan lenge før han stod for presten.

– Nei, farr, vør ikkje å skrive noko om ein gamling som meg, du berre bløyte ut blokkja di, farr. Og blaut var det sant nok, regnet hølja ned, men tru ikkje at det var han Andreas som foreslo at vi skulle gå i hus. Eg har bløytt så mange ei skjorte før skal eg seie deg.

Mange ord er sagt om han Årskog-Andreas og vakre ord og, ikkje eit einaste ord er ufortent. Make til menneske skal ein leite både lenge og vel etter. Eit ufatteleg minne, klukkande forteljarglede som ikkje ein einaste gong glir ut i røl, sunn og livsrøynd i heile si jordnære, for ikkje å seie sjønære, framferd, og med eit halvemål så gjennomført og vakkert at sjølv professor Higgins ville gitt seg ende over utan tanke på «normering». Han kunne heller ha eit og anna å lære av dette unikumet, som alltid veit rette ord i rette tid. For kven anna hadde vel tora sagt til biskop Norderval at «adde de’ vøre kosta like mykje på mitt ’aud so på ditt, so kanskje ej ’a vøre prest ej også.»

Men Andreas er den første til å vedgå at han ikkje har uttrykket frå seg sjølv. Her budde ein ordgytar på nabogarden, og han likte godt å leggje litt tjukt på. Han var det som m.a. sa at når vartdalingane dreiv slåtten før i tida, var dei så forkava at dei spytta på hornskeia når dei fekk supa, for dei trudde det var brynet dei fekk i handa. Men det var sjølvsagt ikkje sant.

Andreas korkje lyg eller legg attåt for å få meir tyngd i det han seier, det treng han ikkje. Han hugsar alt, datoar og dagar, folk og hendingar, og han fortel så smidig og kring i ordval og uttrykksmåte at han saknar sin likemann i så måte og. Avisene les han utan briller om det trengst og jamen slengjer han seg ikkje på sykkelen og gong om anna. Så skulle det berre mangle at eg ikkje gjer rett og skil for meg i slåtten, humrar han.

Andreas Årskog har mykje å fortelje, så mykje at SA måtte trykt ekstranummer dersom alt skulle med. Vi lyt nok heller nøye oss med nokre illustrerande glytt frå arbeidsdagen til denne heidersmannen. Fire vekers ferie eksisterte ikkje i hans velmaktsdagar. Det var slit frå tidleg morgon til sein kveld alt frå han var smågut. Evner utanom det vanlege hadde både han og tvillingbroren, avdøydde ordførar Laurits Grønnevet, men skule og utdanning var reine tabuord.

– Den gongen var det ei skam for ein mann å låne pengar, det var ikkje slik som i dag då det ser ut til at det gjeld å låne mest mogleg.

Andreas Grønnevet, g. Aarskog (1874-1968) då han var på «drepararbeid» i Bodø.

Så vart det fiske i vinterhalvåret og drengteneste om sommaren. Dei som han tente for om sommaren sytte for nista til fisket. Lefse og kaker var menyen, og Andreas fortel at det var ikkje alltid så greitt å kline smør på lefsene når dei låg framme under presenningen, i dei opne båtane. Han har vore på fiske utanfor Alnes, i Lofoten og på Finnmarka. Han har opplevd utviklinga frå opne færingar, via seglbåtar til dampdrevne fartsvidunder. Og jamen rakk han ikkje å vere med ein snurpar og før han slutta sjøen. Eit blodslit, javel, men Andreas hugsar og dei lysare sidene. Han fortel om finnmarksturen i 1901 at heimreisa var reine idyllen.

– Vi starta i Tromsø ein tirsdag og var i Ålesund neste torsdag. Ikkje anker i botnen og ikkje toppseilet nede for heile turen, berre varme solskinet. Det var ein fin tur, men ikkje så lukrativt at ein slo seg opp til rikekakse, men eit «hæventyr» va’ det, og det lyt ein òg betale for. Og det som heime var fekk kona ta seg av, frå tidleg haust til langt på vår, men det gjekk like godt.

I 1896 var han i Bodø på eit teglverk, eit drepararbeid som han aldri vil gløyme. Karane fekk oppgjer kvar for seg, eit slag akkord, så konkurransen var steinhard i ordets rette tyding. Året før hadde eg kjøpt meg ei duffelstrøye som var noko av det finaste plagg ein kunne ha i dei dagar, skreddaren tok 12 kroner for syinga, men den trøya hengde eg att heime. Å nei, ein fekk slite på vadmålsdressen. 25 kroner tok eg meg til sides som eg skulle bruke om sommaren, vi lærde oss saktens å snu på skillingane både ein og to gonger. Men heimkomen frå Bodø hadde eg 300 kroner oppsparte, og då var det nesten slik at folk var misunnelege på meg for all denne rikdommen.

Årskog-Andreas slutta sjøen i 1934, etter 45 års trufast og hardnakka strev i landvindsrok, nordvest og mørkeskodde «med berre ei fjøl mellom seg og si grav». Men endå hadde han tider til å gjere ein innsats i heradsstyre, fattigvesen, likningsnemnd og ikkje å forgløyme hjartebarnet Sunnmøre Meieri. Og ingen skal tvile på at han er levande interessert i styre og stell den dag i dag.

– Men det er ein ting eg ikkje likar, og det er at desse stortingsmennene skal sitje i all verdens mulige jobbar ved sida av sjølve arbeidet på Tinget. Kan dei røkte alt dette? Løn har dei anten dei steller seg slik eller slik, og det høyrer ingen stad heime. Nei, vil dei ikkje vere nøgde med stortingsmanns-løna så kan dei få prøve seg med «småljåna», då tenkjer eg dei vert «holysste».

– At Vartdal blei slege saman med Ørsta var ei stor ulukke, og eg synest synd på dissa stakkars sulalendingane som ikkje fekk vere for seg sjølve. Folket i utkantane vert umyndiggjort. Sjå no berre på Vartdal. Båtane fører til lands store verdiar kvart år. Vi har nye skular og ny veg, og så kastar dei oss i dette virvaret. Dei køyrer skuleungane så lenge i bil at det er latterleg. Eg er ingen politikar, var det likt, men eg synest det var godt at vi fekk ny regjering. «No e’ vel Dokke selvfølgela Harbeidarpartimann, men ej seie det no likevel.» Og så ler han godsleg og stryk seg over barten.

– Dokke kan skrive til slutt at nokon leveregel vil eg ikkje gjere krav på å ha laga. Men ein ting har dette lange livet lært meg. Ulukkelege er dei som ikkje har gjort rekning med at dei skal fare her ifrå. Dei som berre har tenkt på pengar og verdsleg velstand skal stå nakne att. Det er det einaste eg vil ha sagt til komande slekter.

Slik er Andreas Årskog, ein klok og stillsleg mann utan store ord og fakter, men som likevel gjorde ein to timar lang samtale til ei oppleving vi seint gløymer.

eRa. Sunnmøre Arbeideravis 9. juli 1966