No, den 18. april 2023, var det 150 år sidan veginspektøren for Søre Sunnmøre kom til Nøre-Vartdal for å ta imot bod på dei ymse vegstykka som skulle byggjast, for offentleg midlar, i og mellom bygdene på Vartdalsstranda.
«Veivæsen.»
Fredag Formiddag den 18 April Kl. 9 vil undertegnede Veiinspektør være at træffe paa Gaarden Ulfsten forat bortakkordere Veianlæg i Udmarken i Fløstranden… Samme Dags Eftermiddag Kl. 5 vil Veianlæg om Erdal fra Barstadvigen til nordre Vartdal til søndre Vartdal med sidearm til Aarskog blive bortakkorderet. Forretningen holdes i nordre Vartdal. Ogsaa her bedes de Lysthavende i Forveien at bese Linierne; underretning erholdes hos Johannes søndre Vartdal, Johannes nordre Vartdal, samt Opsidderne paa Lynge, Barstad og Erdal.
Volden, 5 April 1873. N.J. Gregersen.
Møringen, 12. april 1873
Av den eldste årboka for Årsetdalen Ungdomslag lærer ein om vegane i eldre tid at «Der var to slags vegar. Køyrevegar og gangevegar eller rås.» Desse «vegane hadde forma seg sjølve av bruken» av ymse slag sledar. Vartdalssoga Band II fortel vidare at «På dei fleste plassane kom dei seg fram med ein dragslede, bortsett frå visse stykke, som mellom Festøya og Barstadvika og gjennom Flåvikhaugane, men også der gjekk det gammal rås.»
Frå anbodsmøtet 18. april 1873 bokførte veginspektøren seks kontraktar på det som opphavleg var fem ulike vegstykke. Lars Jonsson Barstad (Jogarden) vart «entrepenør» for den lange stubben frå Erdal til fjorden på Barstad. Stykke B frå Barstad til grensa mot Rot vart delt: Nils Rasmusson Melbø fekk ansvar for 900 alen på innmark, medan Anders Rasmusson Randen fekk tilslaget for 2500 alner i utmarka. Så skulle Anders Olsson Erdal stå for bygginga av strekninga frå Mollvika ved Masdal til Nøre-Vartdal. Veglengda frå Sævika nord om busetnaden i Nøre-Vartdal til forbi Øydgarden, fekk Johannes S. Nørevartdal (Steinagarden) hand om til dagens høgste stykkpris (12 skilling alna). Siste vegstykket, frå «Smaarøstene» til «Søndre Vartdals Grændse», tok Hans Larsson Sætre (Larsgarden) seg av.
Fem av dei seks «entrepenørane» var bygdefolk og sjølveigarar. Einast Anders Rasmusson Randen kunne kallast «profesjonell» vegbyggjar. Han var husmannsson frå Vågå i Oppland, i 1875 heime hos foreldra vart han registret som «Jernbanearbeider». Ein merkar seg elles at fem av dei seks «entrepenørane» var i trettiåra: 30-36 år gamle. Jo-Lars på Barstad var 44. Kor mange karar dei enkelte vegbyggjarane fekk med seg i sine arbeidslag, veit ingenting om. Men sidan vegstykka skulle vere ferdigbygde i løpet av 1874, må ein tru at arbeidsgjengane i det minste omfatta 4-5 (gjerne) unge karfolk. Randen sitt arbeidslag bestod truleg av vågværer.
Men dette var berre halvparten av det vegsystemet som offentlege styresmakter la opp til. Resten skulle gardbrukarane sjølve byggje gjennom pliktarbeid. Den enkelte gardmann fekk då ansvar for å byggje og halde ved like ein bestemt vegstubb, såkalla rote. Ei ordning som vart ført vidare opp mot vår tid. Avdøde Olav Sætre (f. 1922) hugsa vel at han på 1930-talet var med far sin og grusa garden Rishaug sitt rotestykke på Stupeneset.
Du finn mykje meir om vegbygginga i Vartdals-bygdene i Vartdalssoga Band II frå side 381 og utover.