Johan Johannessen Nørevartdal (1858-1922) var i mange måtar ein fagnamann. Han var fødd og uppvaksen på farsgarden [Jogarden] i Nøre Vartdal, skulde prøva drive vinterfiske, som skikk var, men laut slutte for skuld sjøverka.
I 1883, då ei sterk religiøs vekkjing gjekk over bygdene her, kom han med, og seinare i livet so var dette den stille understraum på hjartebotnen hans. Misjonsarbeidet tok då til for ålvor her, det vart skipa misjonsforeining, so alt kunde gå i fastare former, og han Johan vart foreininga sin kasserar, og denne posten hadde han til sin døyande dag. Alltid so var han den trugne rådgjevar når noko skulde gjerast for misjonen – ja elsken hans til dette steig med åra. Då fyrste totalavhaldslaget vart skipa her i 1889, gjekk han med og vart laget sin fyrste formann, og han var all sin dag ein ihuga avhaldsmann. Like eins var det når arbeidet for sjømannsmisjonen vart organisert her, då vart han formann – ein post han ogso hadde livet ut – so vidt eg veit i 14 år – og i alle desse år møtte han fram når Sunnmøre krins hadde årsmøta sine, vegen vart aldri for lang for honom, um det var lengst i nord eller sør av krinsen. Når han då kom att, hadde han jamt noko å referera frå møta. Serleg la han vinn på å mana dei unge til å koma med i arbeidet og med stor gleda fekk han sjå, at det lukkast.
Han var i mange år med i heradsstyret og formannskapet, like eins i forliksrådet. Var mange gongar med i skyn og skylddelingar – alltid trurøken, gløgg og snarrådig.
Livskvelden kom ikkje uventa på honom, såg det ut til. Han hadde mange gonger vore skrap og lagt store ulegor, men då han no fekk helsotta, sa han, at no stod han ikkje upp att meir, og soleis gjekk det. Tysdag 23. mai sovna han stilt burt. Eit tomrom stend att etter honom, mest i heimen og heimbygda, men ogso mange misjonsvener ut over Sunnmøre, som på årsmøta var van å sjå denne mannen med eit bind umkring hovudet – for ei dårleg auga – vil sakna honom.
-t. [=Rasmus Aarset] i Smp 30.5.1922.