Meny Lukk

Folk frå fortida – Olav Masdal (1922-1958) og Peder Raudøy

Olav Masdal (til venstre på biletet) var fødd i Andersgarden i 1922, som den nest eldste av fire sysken. Han var odelsgut og tok over drifta etter mor si, Sevrine Masdal. Om somrane tok han tak i drifta heime i Andersgarden, når han var borte stod mora og farsystera Petra for gardsstellet. Vintrane dreiv han sildefiske, visstnok fiskar på «Lepsøy» med han var i 20-åra. Seinare var han mange sesongar om bord i «Sjøfuglen». Fredag 21. februar 1958 låg «Sjøfuglen» på sildefeltet utom sunnmørskysten. Olav stod i dekksgangen og prata med maskinisten Edvin Sætre då han brått uvita og fall attover. Lækjar vart tilkalla og kom ut med helikopter. Han konstaterte at Olav var død av hjerneslag.

Ørstingen Peder Raudøy (1917-1989) var fiskar på fleire vartdalsbåtar, både «Sjøfuglen», «Fridtjof» og «Hindholmen». Det vart mange grønlandsturar, både etter laksen på vestsida og på kveitefiske i Stretet. Mellom anna då «Hindholmen» hausten 1963 stod av eit uver ingen om bord hadde opplevd maken til. Ein gong i 1960-åra gjekk Peder i land og fann seg arbeid nokre år ved Peder Enerhaug sin trevarefabrikk. I 1960 hadde han og broren Sverre flytt frå Raudøya opp i Grøvika. Så døde Sverre i 1969, og Peder fekk eit hjernedrypp og vart arbeidsufør. Mormora deira var frå Guttormegarden på Myklebust.