Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Ivar Ivarsson Aarskog (1887-1919)

Ivar Ivarsson Aarskog (1887-1919) var frå Ivergarden, det heimste bruket på Årskog. Han «drog til sjøs og gjekk i land i Vancouver [i Canada], truleg i 1911 etter den militære trekningslista» (Mot nye heimland, s. 545). Syskenbarnet Andreas J. Aarskog hadde flytta dit, ei tid etter han utvandra frå Årskog. Under 1. verdskrigen vart Ivar innrullert i USA si hær. Då landet i 1917 erklærte krig mot Tyskland vart Ivar send til fronten i Frankrike. Her vart han alvorleg såra og heimsend til USA. Døydde i 1919.

Etter Ivar var død, fekk mor hans på Årskog brev frå rette styresmakt i USA. Ingen på garden kunne lese engelsk, så brevet vart lagt til sides. Innhaldet vart fyrst kjent då svigersonen Georg Kjøde kom på besøk, uvisst etter kor lang tid, kanskje var det snakk om år. Kjøde hadde sjølv vore i Nord-Amerika. Det kom då for ein dag at mora, Jakobine E. Aarskog, hadde krav på pensjon etter den avdøde sonen. Ho kunne velje å få pensjonen utbetalt som eingongssum, eller som årleg bidrag. Ho valde det siste. Jakobine levde i mange år. Så lenge at lensmannen i Ørsta fekk i oppdrag å sjekke om ho verkeleg høyrde til dei levande. Fyrst i året 1949 døydde ho, 92/93-år gammal.

Det skal ha vore sagt at Ivar stakk til sjøs etter å ha peist ei utanbygds jente på tjukken. Eit rykte ein i dag manglar hald for.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *