Johannes Knutsson f. 1830 frå Toregarden på Myklebust laut tidleg ut og tene. Den første tenesta hans vi veit om var på Dyp på Godøya. Medan han gjette ut i Lestaskjera fann han ei kanonkule og den fekk han. Den hausten han var på Dyp lasta Dypkarane ein ottring med korn, kjøt og matvarer av ymse slag og rodde til Reknes på Molde som då var spedalskhospital og gav dei som gåve. Det skulle vere fordi Skolma ikkje skulle ramle ned i Breisundet og take ut Dyp. Johannes fekk vere med på den turen. Medan han gjætte sauene der ute på Godøyfjellet og såg havet fekk han hug å sjå meir av verda.
Etter mange år ute, kom Johannes heim att. Han hadde med mykje krusty, serleg frå Kina. Det var store, avlange og runde, flate fat og tallerken. Ja, han hadde med ein gaffel òg. Det var ikkje lenge han var heime, før han ville ut att. Faren og mora tykte han kunne gifte seg og slå seg til ro på landjorda. Hansine Bjørndal hadde fått skøyte på Buset i faddergåve av sin bestefar Hans Bjørndal. Knut og Pernille tykte det var eit godt gifte for sonen. Johannes reiste til Bjørndalen og fekk ja og dei flytte til Buset [i 1860].
Johannes bygde då hus på Buset og det var eit stort hus med tregolv. Stova vart kalla storlåna på Buset. Han reiste til Bjørkedalen og kjøpte seg ottring. Attpå handelen fekk han eit stort trog som er over 1 m breidt og 2 m langt og det er av ein stokk. Han dreiv sjøen om vinteren og var ein heldig fiskar. Det var torsk dei fiska. Han og broren Ola i Toregarden bygde ei stove i Valkvæet på Godøya som dei budde i i fisketida. Den stova heitte Raudstova. Eit hende frå fisketida som Johannes aldri kunne gløyme, hende ei uversnatt [=19. mars 1878] eller som dei då sa, ei skanatt. Dei måtte sigle inn Staursundet og dei siglde ned båten til Peder Karolusson Måseide og 3 mann kom bort.
Kjelde: Eit oldebarn av Johannes Knutsson Buset (1830-1910), ukjent kven.
Eit brev frå Johannes, dagsett Bergen den «12 Desember 1858», stila til «Min Kiære Ven» er bevart. Her fortel han at på «Dene tur jeg lever vel». Han var komen til Bergen den 30. november, var «bestemt at kom jem». Men då han fekk vite at den tre år yngre broren Hans var «Ventens til Bergen saa Vild jeg Jerne tale med ham». Dermed fekk han ikkje skyss heim til jul. Ut frå det han skriv kan det vere at Johannes vinteren 1859 reiste nordover og deltok i Lofot-fisket. Men ut på våren 1859 var han på Dalen.