Meny Lukk

Vallabodåret, 1872

Vallabodåret var nemninga fiskarane nytta når dei tala om den rike vinterfiskja i 1872. Vallabodane er «Mange grunnar», skriv Knut Uksnøy i Fallboka for Møre og Romsdal. Desse grynnene dekker eit bortimot kilometeren langt og, på det vidaste, vel 500 meter breitt fiskefelt på vestsida av Breisundrenna. På det grynnaste er Vallabodane berre 2,4 meter under lågvatn. Frå Grasøyane ut til Vallabodane i nord-nordvest er det om lag 4 nautiske mil.

«Fiskeriet har for 19de Marts, fremdeles slaaet godt til i afvigte Uge og det hele til Dato heromkring opfiskede Kvantum kan efter paalidelige og med Forholdene kjendte Mændes Udsagn anslaaes til 4 millioner Stkr. Skrei, der til en Gjennemsnitpris af 9 * pr Stk. giver det smukke Udbytte af 300000 Species for vor fiskende Almue. 53 Baade, der ro fra Sjong, Ytterland, Ytterlandsvig og Hustruhavn have tilsammen fisket til og med den 16de ds. 196700 Stkr. Skrei. Heraf har en Baad under den flinke Fisker Daniel Hesseberg fisket 6900 Stkr., en anden Baad under Ole Liesæt 6000, en 3die og 4de under Andreas Liesæt og Elias Erdal hver 5000, samtlige alene med Haandsnøre.» (Romsdals Amtstidende 23. mars 1872, frå Aalesunds Tilskuer)

Ein ser her at barstadvikaren Elias Olsson Erdal dreiv fiske frå Valderøya, ikkje frå Godøya (som karane frå sør om Rotneset jamt gjorde den tida). Hausten 1872 gifta han seg med ei kvinne frå Hareid, fekk ei dotter i 1873. Elias og to unge karar som budde på Bigset «druknede paa en Reise fra Aalesund og hjem» den 3. september 1873, «ikke gjenfundne».

Denne Elias Erdal (1886-1966), busett i Sula, var oppkalla etter farbroren som bleiv i 1873.
Denne Elias Erdal (1886-1966), busett i Sula, var oppkalla etter farbroren som bleiv i 1873.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *