Meny Lukk

Folk frå fortida – Lars Andersson Masdal

Ein gamall mann vart Lars Masdal frå Vartdalsstranden som gjekk burt no 17. februar. Han var fødd i august 1799 og vart 99 1/2 år. Blind var han burtimot dei siste 20 år. Likevæl kunde ein sjå honom burtmed stabben og hogga ved, sonær som dei siste åri. Han låg tilsengs berre i 5 vikor. Det var hugnadsamt og sitja hjå denne gamle blinde mannen og høyra honom fortelja drag like frå sine barnedagar og ut i dei grå hår. Mykje skulde ogso den vita, som hev livt gjenom heile det 19de århundred, og som hev 1814 til konfirmasjonsåret sitt. Desse gamle hev ein sers måte å fortelja på. Dei legg jamnast heile sin hug inn, og av og til ser du tåror i augo deira. Lars hadde det gode minnet sitt, til sjukdomen fekk yverhand, so han visste um både gamalt og nyt. Glad var han, når nokon vilde sjå inn til honom og fortelja honom um det nye, som folk no tek seg fyre. Ifjor sumar då eg reiste forbi på hjulhesten min, vart han reint forbina, då eg fortalde, at eg kom ridande på ein hest, som hadde berre to føter. Då laut han vera med ut og kjenna på honom. «Å ja, det er mykje rart no for tidi», sa han og log. Dagen fyrr han døydde, fekk han den gleda å sjå alle. Han slo augo upp og vart vâr sonen, som sat attmed sengi hans. Dette, tykte eg, var pålag som eit under.

Til dei unge, hadde eg hug å segja, at dei må nytta høve og gå inn til slike og prata med dei. Det er ofte likare det, enn å taka seg ein roman. Ein må ikkje vera rædd den bogne ryggen og det skrukkute andlit.

Gamle Lars heldt sine religiøse interesser uppe dermed, at ei ugift datter [=Karen f. 1825], som passa honom, las åt honom. På den måten lærde han uppatt den gamle Pontoppidans forklaring. Fleire salmar av salmeboki lærde han ogso utor, etter han var vorten blind. Jamt var han vælnøgd med sin lagnad, og vælnøgd, trur me, han gjekk burt.

Hans minne vera signad! –t. [=Rasmus Aarset] Frå Heimhug, prenta i Smp 6. mars 1899

Fyrste bandet av Vartdalssoga fortel at Lars «skulle vera så tidleg på ferde om morgonane. Han gjekk omkring og vekte opp grannane i slåttonna, for han torde ikkje retteleg ta til å slå på teigen før dei andre kom. Den som gjorde det, fekk ord på seg for å driva lureslætte». Lars kom seg opp på kvelven og vart berga då båten hans kvelva utom Nørevartdal den 3. januar 1864, svigerdottera Pernille omkom.

Anders-Lars «var» tippoldefar til så vidt ulike personar som Edvin Aarseth, Åsmund Masdal og Svanhild Gjersdal.