Lina Aarskog (1889-1987) var frå Hansgarden på Årskog. Under 1910-folketeljinga var ho tenestejente hos skreddarmeister Ole Bernhard Sivertsen i Skaregata 5 i Ålesund. Deretter arbeidde ho på heimegarden. Etter broren Laurits Aarskog fekk frådelt ein av farsgarden, bygde stove og løe der, flytta Lina dit og bidrog til hushaldet. Lina budde til sist på Vartdal Gamleheim i lang tid, i fleire år sengeliggjande i ein tilnærma komatøs tilstand.
