Meny Lukk

Om heimefiskje, naust og landingsplassar – Av Laurits K. Grønnevet

Eg hev sikre meldingar frå mine foreldre og besteforeldre – meir enn 150 år attende, at då var heime-småsjøbruk svært ålment, ikkje berre for dei som var buande langs strendene, men også dei som budde oppover dalane var det ålment med sjøbruk minst ein dag for kvar vike. Alle hadde dei naust og småbåtar. Dei som budde langs strendene hadde gjerne sine naust i strendene nedfor sine tun, men dei som budde opp i dalane og dei som budde fleire brukarar i same gardklynge hadde nausta sine samla i ei vik der landingsplassane var mest lun og lagleg.

Notbruka var dei til vanlegt fleire om og bruka dei i lag, fåe eller fleire etter som nøtene var store til. Her i bygda hadde dei frå gamalt ei storenot til å drage fram på land og ei søkkjenot som dei strekte utover ei grynne og drog opp når dei rekna med at fisken var godt innpå nota. Disse tvo største nøtene hadde alle mann på Sætre og Vartdal, ja, Remen også part i, og med søkkjenota fór dei til dels langt ut på sjøen med. Når veret var godt og sjøen smul, brukte dei å breide nota utover halvjupe fall, som Angelgrunnet, Fausken og Kjeipboden som ligg nordaust for Rundøy. Til slike utrorturar hadde dei alltid fire trerøringsbåtar til kvar not og fire mann i kvar båt. Siste søkkjenota her var bunda i 1884 og enno [=1956] brukande. I den siste tid hev den vore sjelden og lite brukt, særleg ute på sjøen. Det er berre ein gong i mitt lange liv eg hev hatt høve til å vere med på det og det var i 1900. Då bles det opp nordavind so det vart berre å drage noke sei med snøre. Nota fekk me ikkje høve til å breide. Heime derimot hev det vore prøvd av og til, men ikkje dei siste åra.

Alt anna heimesjøbruk hev minka sterkt i den siste tid mot før. Då var det jamvel i slåttevinna til å legge ljåen kvar fredag i nonstida. So fór dei med kastenota eller bruka sildegarn for å få få agn og laurdag var det so jamt over linebruk. Det er fortalt om gode fiskeburer når dei kom heim laurdagskveldane.

Kvar dalekarane i vår bygd frå fyrst av hadde nausta sine er ikkje so heilt visst, men tradisjonen seier at Myklebust og Kvia, ja kanskje også Buset i gamle dagar hadde nausta sine ned med Sæssjøen, med veg opp Grovadalen og vidare fram gjennom Myren mot Øye. Denne vegen hev alltid vore kalla Dalevegen, ja er det den dag i dag av eldre folk. Segna seier at då sæsskarane tok elvafar åt Fjellelva sud over flata for å få den dit kvennhusa seinare vart bygde, vart elvafaret attfoke av snødrev so elva gjekk nedover Dysjaåkrane so snøvfonna tok nausta. Dette hev no hendt to gongar i mi levetid. Ein ser at når jordskifteretten i 1863 vart sett over Sætres innmark då stend naustet til Iva-Pe (Peder Myklebust) [=Per Martinsson Myklebust (1795-1888)]. Han møter opp og får rett til tufta so lengje han vil.

Utanom nausta som tilhøyrer Sætre, er det det einaste som stend att, og det stend noke meir mot sudvest enn dei andre. Det kan tenkjast at Årset-karane hev vore dei som fyrst bygde naust ved Øyra, sidan det hev fått namnet Årsetvika.

I kring 100 år attende hev alle dalefolk hatt alle sine naust i Årsetvika og hev det framleis. Sjødrifta med dalefolka, ja med alle dei andre hev gått sterkt ned, særleg i det siste. Det er teikn på at naustrekkene tynnest, fleire hev falle ned og tufta stend tom. Det var Søre Vartdal, gnr 106, som var grunneigarar, men ved jordskiftet over Vartdal i 1878 fekk nausteigarane og dalefolket inn bruk for nausttufter, not og garntørkeplass og fisketørkefjøre. Ved nytt jordskifte på Øyra 1939 vart alt bytt til full eigedom. På Vartdal Søre hev visst 2 bruk hatt naust og naustplass på sørsida åt elveosen og 2 bruk i Knuthansvika.

Dei vanlege storebåtnausta stod enkeltvis inn i dei andre naustrekkene, men kanskje mest utanfor. Dei var delvis oppmura på sidene, men stod kanskje mest som stavenaust utan sidevegger og er no omtrent alle nedfalne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *