I Minne frå Vartdalsstranda 2001, s. 32-37 presenterte Ivar P. Barstad artikkelen «Albrigt Erdal, afrikaemigrant frå Vartdal». Her kjem det mellom anna fram at Albrigt i brev av 20. september 1873 fortel «at det er min bestemmelse med det første at reise til Afrika». Barstad skriv så at det «manglar opplysningar om kva tid reisa til Syd-Afrika vart gjennomført».
Eit par annonser/«Bekjentgjørelser» i Aalesunds Blad, samt ein nekrolog henta frå ei sørafrikansk avis prenta i Tønsbergs Blad, bidreg til å klarleggje litt kring den afrikanske livsferda til Albert Erdal, som han skreiv seg i Afrika. Ein får såleis vite at han 21. desember 1875 gifte seg med Marie Schramm frå Rendsburg i Tyskland. Byen Rendsburg ligg 103 kilometer nord om Hamburg. Det gjev grunn til å tru at Albrigt og Marie har kjent kvarandre frå Hamburg-tida hans. Om ho fylgde med han til Sør-Afrika i 1873/74, eller om ho reiste etter han hadde fått etablert seg i det nye landet kan gå på eitt ut. Sommaren 1875/76 hadde dei iallfall busett seg i Bolotwa i dagens Eastern Cape-provins i staten Sør-Afrika. 18. mars 1880 døydde Marie frå ektemann og «3 Smaa» i nettopp Bolotwa. Kva familien livnærte seg av i Bolotwa, sjå det teier avis-opplysningane om. I dag er Bolotwa ein landsby som i 2011 hyste 610 ibuarar, alle svarthuda og nær 100 % xhosa-talande.
Nekrolog i avisa The Star som kom ut i Johannesburg:
Døden har bortrevet en af de gamle Brave fra vort Samfund. Hr. Albert Erdal var, ihvorvel vistnok ukjendt for den store Almenhed, en af de bedst kjendte og tillige af de mest agtede og ærede af alle de ældre Kolonister i den indre Forretningscirkel her. Som Kontorchef hos Dhrr. Ecksteins & Ko. og par exellence deres finantsielle Mand kom han i stadig og nøie Berørelse med alle dem, som har forretninger med Corner House, og ved hans Begravelse forleden mødte Hundreder af Sørgende op for ved Graven at yde den tause Tribut til den bedste iblandt os.
Hr. Erdal var en gammel Kolonist. I 25-Aarsalderen kom han i Forretning i Aberdeen, Kapkoloninen, som Partner i Firmaet William Kleugen & Ko. I 1887 drog han, som mange andre tiltrukket af de gyldne Løfter, der saa rigelig er fyldestgjort, hid og efter en kort Virksomhed for egen Regning tiltrak han sig afdøde Hermann Ecksteins Opmærksomhed og begyndte i 1888 Forbindelsen med Corner House, hvilket først endte med Døden, en Forbindelse lige høit skattet af hans Chefer som tilfredsstillende for ham selv.
I Besiddelse af alle deres Agtelse og Kjærlighed, med hvem han kom i Berørelse, efter et Liv fra den tidligste Manddom delt mellom haardt, taalmodigt Arbeide og den ømmeste og ædelmodigste Deltagelse overfor andres Ve og Vel, blev denne Mand ved Skjæbnens Ironi nægtet hvad han saa længe havde higet henimod, hvad hans Arbeide havde givet han Adkomst til og dets Frugter sat ham istand til – en lang Ferie forat gjense Fædrelandet.
Hr. Erdal var født i Nordal, Norge, og blev 53 Aar gammel. Enkemand i 20 Aar og efterlader 2 Børn. Hans Søn var for nogen Tid siden i Bergværkslære hos Robinson Company og har i de sidste Aar opholdt sig i Europa og Amerika forat fuldende sine Studier. Hans Datter var hos ham i Dødstimen.
Mangen Mand var bedre kjendt her, ingen mere agtet og afholdt. Hundreder vil savne det gemytlige, tænksomme Ansigt, og mangen en vil sørgmodig savne den gavmilde Haand, der tilhørte en, som «gjorde godt i Stilhed og rødmede over at finde det kjendt».
Elles om Albert sitt liv etter han vart enkemann, viser ein til Ivar P. Barstad sin artikkel. Her skal berre leggjast til at for mellom 5 og 10 år sidan ringde ein kar busett i Bergen og bestilte det aktuelle Minne frå Vartdalsstranda. Han (namnet gløymt) fortalde at etterkomarar av Albert Erdal budde i Skottland. Kva samanheng han hadde med «Erdal-folket» i Skottland er også gløymt.
Her bør vidare nemnast at «Alb. A. Erdal» i 1865 var handelsbetjent hos landhandlar Webjørn Svendsen på Litje-Hatløya i Ulstein. Frå sommaren 1867 til han utvandra i april 1871 hadde han tilsvarande stilling hos handelsborgar J.A. Landmark i Ålesund.
Kjelder:
Ivar P. Barstad: «Albrigt Erdal, afrikaemigrant frå Vartdal».
Tønsbergs Blad: 2. mars 1899.
Aalesunds Blad: 23. mars 1876 og 29. juni 1880.
Wikipedia: Oppslag om Bolotwa på engelsk.
Folketeljingar frå 1865 og 1870.