Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Olav Sætre (1885-1979)

Olav Sætre (1885-1979) vart fødd og voks opp på ein plass under Sætre på Vartdal, kalla Myraplassen. Faren heitte Karl Korsnes og var frå Norddal, mora frå Kvia i Vartdal. Synnøve og Karl fekk bygsle denne plassen og bygde hus og rydda jorda, likeins sette dei frukttre kring husa. Det var uvanleg i dei dagar. Faren og borna arbeidde kring på gardane med trusking og anna arbeid. Dei greidde seg etter måten bra så lenge faren fekk ha helsa. Men då Olav var 14 år gammal, døydde faren. Då vart det verre å greie seg. Den eldste broren, Ole, reiste til Amerika.

Olav var flink og fingernæm og prøvde seg både som tenestegut og fiskar. Men meste hugen låg til boka. Korleis skulle så ein fattig plassegut kome seg fram den vegen, i ei tid då lånekasser ikkje fanst. Det enda med at han våga vona, og tok til på Volda lærarskule hausten 1904. Han arbeidde om sommarane og skrapte i hop nokre kroner der han kunne. Nokre bygdefolk var òg gode å gå til i eit knipetak. Ein haust såg det heller vonlaust ut, men då òg lukkast det å finne ein veg. Ein god ven kom vekk på sjøen. Denne guten hadde hatt ei lita polise. Foreldra til guten sleit og streva på ein plass framme i dalen, og hadde sjølv ikkje så mykje å greie seg med. Ein dag Olav var heime møtte han far til denne guten. Han spurde då korleis det stod til og Olav måtte seie som sant var, at han truleg ikkje greidde det. Han har sjølv fortalt korleis det enda: «Då såg han Plass-Johans på meg og sa: – Du va’so go ven med han Bern du, e’ ska låne deg hundre kroner av disse polisepengane. Tilbakebetalinga snakka me’kje om no.» – Olav Sætre har ikkje gløymt dette, eller dei andre som hjelpte han. Det enda med at han tok ein god lærarskuleeksamen våren 1907.

Etter lærarskulen var han lærar ymse stader, først i Balsfjord i Troms. I 1910-12 var han lærar og kyrkjesongar i Skjold i Ryfylke, der han fann kona si, Marie f. Langeland. Frå Skjold reiste han til Jeløya ved Moss, var der til 1915. I 1915-21 var han lærar i Haugesund. Der kom han mykje med i politikken, og var i 1918 stortingskandidaten for Arbeidarpartiet der. Frå 1921 og til han slutta i 1953 var han lærar i Bergen, frå 1946 overlærar. Han var ein dugande lærar som sette djupe merke etter seg både i skulestova og i administrativt arbeid.

Olav Sætre har vore oppglødd for mange saker, og har mellom anna vore ein ihuga fredsven. I mange år var han formann i Norges Fredslag. Han har óg vore mykje med i Kristne Arbeideres Forbund, og var medlem i hovudstyret der i fleire år. Han har vore ein skrivande mann, både i dikt og prosa, og har gjeve ut fleire bøker. Så seint som i fjor skreiv han eit større arbeid om religiøse og kristelege spørsmål.

I alle åra han har budd utanom Sunnmøre, har grendene her vore med i hug og tanke, særleg har banda vore sterkt knytte til heimbygda. Det er som han sjølv sa ein gong: «Når eg kjem fram gjennom Myrane då kjennest det som føtene mine står på heilag grunn.» Kjem han til Vartdal må han dit, og han kjenner seg så velkomen der. Alle i syskenflokken hans reiste ut frå Vartdal, berre ei søster budde att, ho er død for mange år sidan. (Sunnmørsposten 18. desember 1975.) (Avisartikkelen er usignert, men kan fort vekk vere skriven av Ivar Grøvik. Mor hans og Olav Sætre var syskenborn.)

Utdrag frå oppslag om Olav Sætre i «Norsk allkunnebok X»:493 (1965): «Har gjevi ut «Har skulen funne inn til livsnerven i opseding til brorskap og internasjonalt samliv?» (1935), «Økonomisk revolusjon» (1940) og «På fångefärd» (1945). Den sistnemnde boka kom ut på svensk med tilleggsopplysinga «skildringar från de norska lärarnas kamp och från tvångsarbetet på Grini, Jörstadmoen och Kirkenes-Elvenes». Seinare skreiv han «Bernhard Hanssens fredsarbeide» (1964), «Alle må være ett» (1974) og «De Forente nasjoners fredsvern» (1978).

Plass-Johans og Bern var Johannes Rasmusson Buset (1851-1909) og sonen Bernt. 20 år gammal bleiv Bernt då motorkutteren Bjarne(s) av Kvassnes i Borgund/Sula forliste på Griphavet den 23. november 1906.