Petrine Kolbeinsdotter Øie (1878-1929) var frå Nedste-Rot. I 1900 var ho ei av tre unge kvinner i lære hos «Skræddermester» Andreas Lid i Halkjelsvika i Volda. Sommaren 1905 gifta ho seg med Sivert Øie, ein follestaddaling nyleg heimvend frå USA. Petrine må ha kjent Sivert frå før han utvandra fyrste gongen i 1898. Ikkje lenge etter bryllaupet reiste han tilbake til stillinga som som sporvognskonduktør i Minneapolis. 5. mars 1906 gav Petrine liv til dottera Berta, hennar einaste barn. I boka «Mot nye heimland» står det at Sivert kom heimatt til Ørsta i 1913, men det kan knapt vere rett. Under folketeljinga 1910 er han ført opp som «Fabrikarbeider», busett på Vinjevoll i Ørsta (brnr. 4), eit gardsbruk far hans hadde kjøpt og då dreiv. Seinare tok Sivert og Petrine over drifta av garden. 51 år gammal døydde Petrine av kreft. Dottera Berta var gift med Arne J. Engesæth på Engeset.
