Meny Lukk

Folk frå fortida – Mads H. Sætre

Mads Hansson Sætre (1867-1936) var nest eldst i ein syskjenflokk i Larsgarden der. Sæss-Mass dreiv frå hausten 1899 til våren 1912 Vartdal Arbeidsskule i bygninga ved Grønvetbrauta som no i årevis har stått til nedfalls. Denne snikkar- og målarskulen styrte han tidvis i lag med ulike karar, mellom dei Guttorm O. Myklebust frå Bakkegarden der, og Johan Haddal frå Ulstein. Elles var Mads bygningsmann. Etter arbeidsskulen var avvikla vart lokalet då og då leigt ut til varehandel, og eitt år heldt Posten hus der. På slutten av 1920-talet kjøpte han seg inn i eit granne-lag som dreiv med avl av sølvrev.

Sæss-Mass var ein flink felespelar som spelte i mangt eit bryllaup. Han var ein av dei fyrste i bygda som kjøpte radio. Då det i samband med 900-årsjubileet for Heilag-Olavs fall vart overført olsokpreike frå Stiklestad, «var mykje folk – både frå Nøre- og Søre-Vartdal – samla for å høyre radio i bakken ovanfor stova» hans Mass. Like eins var det folksamt rundt radioapparatet når boksaren Otto von Porat gjekk i ringen. Mads H. Sætre levde ugift.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *