Ved Kgl. Resolution af 5te April sidstleden ere Elling Hansen, Ole Amundsen, Sivert Nilsen, Sjur Hansen, Jon Jonsen og Ingebrigt Ananiassen, alle af Gaarden Nøre-Vartdal i Ulfsteens Præstegjeld, Romsdals Amt, naadigst forundt en Belønning, hver 5 Spd. af Statskassen, for 2den Juledag 1841, med Fare for eget Liv at have reddet 6 Mennesker fra at drukne.
Landboe-Avisen, 29. mai 1843 (avisa kom ut i Volda og var ein forløpar for avisa Møre).
Bergingskarane var seks av dei dåverande sju brukarane i Nørevartdal. Det gjeld visseleg mannen i Pe-, Vilke-, Jo- og Tore-garden. Mykje sikkert er det også snakk om brukarane av Steina- og Sæssnilsgarden, farsnamna til Sivert [=Hansson] og Sjur [=Nilsson] har vorte forblingra av referenten. Desse karane var frå 27 til 47 år gamle i 1841. Den einaste Nørevartdal-brukaren som ikkje var med, var han Nils-Pål. Han var nær 60 år gammal.
I artikkelen «På livet laust – i open båt» (Minne frå Vartdalstranda 1999) formidlar Andreas Vartdal det morfaren Andreas Aarskog fortalde om denne hendinga: «ein juledag, då kjøme dalekarane blant andre og ville til Hareid-kjikjå. Og når dei kjøme ned åt sjønå, so tikte dei det anj tok til å blåse synnavenden, og dei likte ikkje seg. Dei stussa på om dei skulle reise. Men då kjøme han gamle Iva-Pe. Han var ætta ta Brungotå, og baud seg til dess, atte viss dei vilde hjelpe hånå, so skulde han flote ottringen. Det var sjølvsagt ein slik flatbrennarbåt, eller einsiglar. Og det vart gjort. Og dei siglde til Hareids, og var over gudstenestå. Men på veia opp att, når dei kjøme oppfør Hjørneset, eit stykke opp for Rivet, der fær dei ei drivbye, og båten kolva, og dei kom vekk to kare. Visstnok ein ta Kviene, og ein ta sænå hass Pe… [Båten hadde] ballast inni og han ville sekke. Og då var der to eller tre kare som kneip og hivde seg opp i riggen og krenkte hånå over. Han var full av sjø og var lett å krenkje. Og fekk hånå til å kolve seg, og då forskar han steinen og flaut. Og dei kom seg på kolvet dei som berga vart».
To ungdomar kom vekk i forliset: Sivert Madsson Kvien, f. 1827, og Elling Persson Myklebust, f. 1818.