Andre påskedag 1903 vart Rasofiel Berntsson Festøy og Marie Knutsdotter Grønnevet ektefolk i Vartdals-kyrkja. Rasofiel hadde då i fleire år vore «Havnearbeider om sommeren, fisker om vinter». Under folketeljinga tidleg i desember 1900 rekna folket hans i Festøya med at han hadde opphaldsstad i Ålesund, men «Idag [var] paa havet». Ni år tidlegare gjekk han i teneste på heimegarden i Festøya. Marie, til dagleg Maria, tente i dei dagar far sin i Grønveta. Seinare tente ho på andre gardsbruk, gjerne i heimbygda.

I 1905 kjøpte Rasofiel bruket Haugen på Blakstad i Tusvikbygda i Sykkylven. Han og Maria dreiv garden til 1923. Drifta av Sunnmøre Barneheim i Hovdebygda baserte seg for ein del på gåver frå folk. Mellom slike gåver kom ei kasse eple frå Rasofiel og Maria til barneheimen hausten 1913, og i 1922 ein sekk poteter. Sjølve fekk dei ikkje born. Så i 1923, 55 år gammal, selde Rasofiel bruket frå seg, mot kår for seg og kona. Dei vart buande på Blakstad til 1951, flytta då til Vartdal.

12. desember 1954 var Marie og Rasofiel Blakstad mellom dei fire aller fyrste som flytta inn på Vartdal Gamleheim. Her budde dei livet ut. Blakstad-Maria/Marja døydde 1960. Han Blakstad døydde i 1964, 95 år gammal, den gongen ein uvanleg høg alder. Ganske sikkert var han den eldste i Vartdal kommune då kommunen vart nedlagt.
Tilfellet laga det slik at dei tre einaste vartdalingane som har heitt Rasofiel, ei kort tid budde på ei strekning kortare enn 200 meter: Rass (Årskog) på Hammaren, han Blakstad på gamleheimen, og han Fil i Ura på Øydgarden.
Rasofiel var farbror til Johannes Festøy, Marja syster til Grønvet-Lauris og Årskog-Andrias.