Meny Lukk

Tur til Göteborg med «Polhavet» i 1945 – Av Olav Sætre

25 sep. I dag går eg ombord i Polhavet som skal til Göteborg med islandsild. Kl 10.40 f.m. reiste me frå sjøbuda. Eg sende eit telegram til Gøteborg til Johs i dag om at me var ventande dit. Veret er fint. Svak nordleg bris. Det var meininga Karl J. Vartdal skulde vere med som bestmann, men han var med «Kirkholmen» og den kom ikkje fram tidsnok. I staden tok Leiv Myklebust bestmannjobben. Mannskapet var. Skipper Johan J. Vartdal, bestmann Leiv Myklebust, stuert Rolv Barstad, maskinist Jan H. Vartdal, assistent Hjalmar ?, elles mannskap Alv Berg, Jarle K. Vartdal, Magne J Vartdal, Harald j Vartdal, Johs K Vartdal. Passasjerer Leidulv Sætre, eg sjølv. Damer Marta K Vartdal, Randi Ulstein, Margarete K. Vartdal, fruene til skipperen, stuerten og maskinassistenten. Dessutan Mads Masdal som me sette av ved Bergen.

Passerte Stadt om ettermiddagen. Eg hadde ikkje sjøverk, men vart litt kvalm. Mange havarerte skip langs leia etter krigsforlis. Passerte utfor Bergen kl. 7 onsdag morgon. Onsdag kl 10, gjekk me inn til Kolbeinsvik, der er det den kjende sildebasen Lars Møkster bor. Ei lun vik, men skjergarden her utover er den naknaste på heile kysten sunnafor Trondheimsfjorden. Berre berg og berg, utan lyng eller eit grasstrå.

Passerte Rubbestadneset Motorfabrikk på nordenden av Bømlo. Kl 15.30 kom me til Haugesund. Leiv Myklebust skulde ha svensk pass her. Han fekk ikkje tid å ordne det før me for frå Vartdal. Eg var oppe på Meieriet og snakk med Jenny. Fekk ogso noko mjølk med henne.

Haugesund, størelse som Ålesund, men litt bedre og flatare. Stor bru over sundet til Karmøy.

Kom til Tananger og ankra der kl 9.- om kvelden. Gjekk vidare kl 6.- torsdag morgon, på Jæren passerte me ei drivmine, passerte Lindesnes kl 3.- etter middag, fint ver, passerte Mandal, fin by, fin-fin badestrand, stort hotel. Til Kristiansand kl 9.- om kvelden. Vart anropt ved innløpet til Kristiansand med lyskastar frå festninga. Frå Kristiansand kl 4.- morgenen. Fredag. Over Skagerak i dag, fint ver, lett bris og solskin, mildt, ein regnskur om ettermiddagen.

Til Gøteborg kl 9.- fredag kveld. Fekk ikkje gå på land før neste morgen (Laurdag) på grunn av tollkontrollen. Gøteborg fin by. Ordn overalt. Sproget godt å forstå. Godt å orientere seg i byen på gr av elva som går gjenom byen og kanalene. Rikeleg med de aller fleste varer, men streng rasjonering på serleg klæde og sko. Ingen kontroll av tollen ved ankomst og avgang. Kjøpte med heim eit dressty kr 89.- til meg og fyllepen kr 18,50 svenske pengar. Vidare hatt til meg kr 26,-. Impregnert kåpe til mor, kjolety og strømper til Petra. 1 armbandsur til Rolv. Hadde med 2 sølvrevskinn, som Johs tok vare på. Han fekk sidan selje dei til kr 250,- til saman. Det eine var montert.

Frå Gøteborg gjekk me onsdag kveld kl 9.- kom til Borgestad utfor Skien torsdag kl 11.- fyremiddag. Lasta ombord salpeter. Var ein tur til Skien ein kveld på kino. Svært fint kinolokale. «Skogen er vår arvdel» vart framsynt. God film.

Skien: bra hus og regulering men dårleg beliggenheit, altfor bratt. Frå Borgestad kl 1.- Laurdag middag. Klarver og sol. Passerte Jomfruland. Flat skogvoksa øy med fin sandstrand. Skog over alt langs leia. Passerte Haugesund sundag kveld kl 8.- bra ver overskya.

Kom til Dimmelsvik ved Rosendal kl 6.- mandag morgen. Lasta 1000 tomtønner. Eg var på land og fekk kjøpe litt frukt, pære på ein gard. Frå Dimmelsvik mandag kl 1.- middag kom til Skjervehamn til kvelden. Nordvest kuling. Tirsdag gjekk me vidare til Måløy. Nordleg kuling kaldt haglbyger. Prøvde å gå over Stadt, men måtte snu på grunn av veret og tomtønnene på dekk. Låg i Måløy over natta. Neste morgen. Onsdag gjekk eg, Johs K Vartdal, Marta Vartdal og Randi Ulstein ombord i Hurtigruta «Nords[t]jernen» og kom til Ålesund kl 1.- same dag. Fylgde derfra rutebåten til Vartdal.

10. okt. Før me reiste fekk me innveksla kr 10,- i svenske kroner på svensk pass i Ålesund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *