Magnhild Sørensen (1901-1991) voks opp på Stupeneset. Far hennar bleiv då «Albatross» forliste vinteren 1902. Ho var yngst av dei tre borna hennar Anne Marta Sætre (seinare gift Vartdal). Berre 18 år gammal gifta Magnhild seg med nordlendingen Sigfred Sørensen. Dei budde ymse stader før dei i 1936 fekk opp ei lita stove nørdst på Stupeneset, eigedomen fekk det talande namnet Vesleheim. Magnhild vart mor til to søner, Andreas og Svein, dei to gutane skilde det 18 år i alder. Magnhild arbeidde heime som syerske. Underskrivne var kringom 1960 med mor si då Magnhild fekk i oppdrag å sy fleire kneside kortebukser i mørkeblått vadmål.
