Meny Lukk

Sæss-folket i 1920

1 Johannes R. Sætre og Eline i Gul´kegarden, dottera Anna «Husarbeid hjemme, uten Kontant løn». Olav Rotnes «arbeider». Rasmus, fiskar på motorbåt, og kona Inga og sonen Johannes. Signe «Tjenestepike», Ragnhild på kår.

6 Åmundegarden: Paul A. og Anna, småborna Alv, Bjarne, Margit, Astrid, Aasta, Hildur. 17 år gamle Lovise Askevold tenestejente. Andreas (kår og formue) og kona Marie.

7 Hansgarden: Hans og Ingeborg, sønene Harald og Karl (fisker med dampskip), dottera Lina (Husarbeid), Agnes 0 år. Amund «skipper på fiskedamper», kona Laura, småborna Håkon, Petra, Ingebjørg.

8 Enkja Anne Olave, 68 år, dreiv eigen landhandel, Peder «butik betjent», Alfred Askevold gardsarbeidar, Anna Sørensen «tenestepike».

4 Stupenesmyren: Anne Marta, sønene Alv og Petter fiskarar «uten beskjeftigelse». 81 år gamle Oline Remmen «fattig under støttelse». Sigfred Sørensen bryggearbeidar «uten beskjeftigelse», Magnhild og eittåringen Andreas.

2 Johan og Oline Sætre på Haugen, borna Karoline hushjelp heime, Rasmus «Fisker med dampskip uten beskjæftligelse», samt Bjarne, Hansine, Anna, Johannes.

Haue-Rasmus (1898-1937) var tydelegvis marinegast i 1918. Han var gift med Kari Kvien frå Balsfjord. Dei budde på Myrhaugen, fekk ikkje born. Kari seinare gift Romestrand.

2B Rasmus 36 år garnbøtar. Gurine enkje i «Tilfældigt arbeide».

10 Ole J. Sætre, ishavsskipper, og kona Ingeborg.

5 Larsgarden: Lars H. Sætre og Oline, døtrene Ragnhild hushjelp heime, Olga «Tjenestepike hjemme uten contant løn». Hans fiskar med dampbåt.

3 Laurits og Mina Grønnevet, Knut fiskar på dampbåt, Ola «Arbeider paa gaardsbruk hjemme uten kontant løn», Nils, Bergljot, Leiv. 72 år gamle Randine Sætre tenar på garden. Knut og Berte kår.

12 Ole O. Kvien, fiskar på motorbåt, kona Oline. Johanne Rise, 88 år, ugift frå Hareid, på fattighjelp. Mads Sætre «Bygningssnikker».

9 Hans E. og Ragnhild E. Sætre i Pegarden, borna Egil og Elling arbeidde på garden heime, Ragna «Tjenes pike hjemme hos foreldren uten contant løn».

9B Klara f. 1898 «sypike», Selma f.1893 tente på gardsbruk.

16 Ole S. Myklebust «Ishavsskytter med steamskute», kona Gurine, småborna Sverre, Ingrid, Hans og Signe.

14 Hans Brandal, fiskar på motorbåt, og kona Kristine, borna 16-åringen Kristian (fiskar på stimbåt), Johanne hushjelp, Klara, Leiv og Petter.

11 Paul Rishaug, og Eline, borna Rolv (fiskar på motorbåt), Ragna, Johannes, Petra, Sigmund og Jenny.

13 Daniel Juliebø, maskinist på «steamskute», og kona Selma, småborna Solveig, Sverre og Petter.