Meny Lukk

Folk frå fortida – Lina Nilsen av Nørevartdal

Nokre år tilbake besøkte eg nettstaden Fylkesfotoarkivet fyrste gongen. Av lett forståelege grunnar søkte eg tidleg opp ’Vartdal’. Mange av fotografia i arkivet er frå seint 1800-tal til om lag 1920. Her var ansikt som leita seg heimatt. Medan andre bilete trongst det meir tid på før eg kunne seie meg trygg på identiteten til den avfotograferte, endå om eg hadde namn å gå etter. Eitt foto av «Lina Nørevartdal» frå 1905 fann eg ingen adressat til. For det var ingen i matrikkelgarden Nøre-Vartdal som då heitte Lina. Og den avbilda jenta såg ikkje det minste lik Lina Aarskog.

I haust lånte eg ein album som har tilhøyrt Pe-folk i Nøre-Vartdal. Her fanst det aktuelle fotoet av «Lina Nørevartdal», eit prov på at jenta kunne knytast til Nøre-Vartdal. Men ikkje meir. Så, fredags kvelden, kjem eg, nesten tilfeldig, på side 591 i andre bandet av Vartdalssoga, fram på eit foto frå ca 1900 av ei barneforeining i Nøre-Vartdal. Ei av dei 20 jentene i foreininga er «Lina Vartdal, fosterdotter på Ospholen og døydde ung».

Då var det berre å byrje leite i kjeldene, mange av dei aktuelle er digitaliserte. I folketeljinga 1900 budde fosterdottera «Lina Pedersdatter» på Ospholen, den u-matrikulerte plassen på Bakken i Nøre-Vartdal. Folketeljinga 1891 syner at Lina hadde kome til bygda allereie før ho hadde fylt 3 år. Då budde ho i Pegarden med dei barnlause fosterforeldra, som ein gong i 1890-åra sette bu på Ospholen.

Kjelder viser at Lina var fødd i Ålesund vinteren 1888. Ho var nummer sju i rekka av dei ni borna til Oline Monssdotter, ei fattig kvinne fødd utanfor ekteskap i Norddal og gift med ein kar som skal ha vore frå Stockholm. «Vår» Lina var i 1910 tenestejente hos ein familie i Ålesund. I kyrkjebøkene for Vartdal er «Lina Nilsen (Vartdal)» innført som død 12. oktober 1919 på Reknes sanatorium av «Tæring». Fem dagar seinare vart ho gravlagt på kyrkjegarden her.