Meny Lukk

Folk frå fortida – Laurits O. Masdal

Laurits O. Masdal (1893-1976) var frå Andersgarden. I yngre år dreiv han fiske frå motorskøyte i lag med sambygdingar, frå 1914 medeigar i fyrst «Kveldulf» og sidan «Fram». Hadde ofte ansvaret for å passe motoren. Ei tid var han fiskar om bord i ein ålesundsbåt som dreiv ute Storegga. Etter han i 1918 gifta seg med Anna Søvik frå dåverande Borgund herad, bygde han stove og løe oppe i Reiten på Masdal, om lag 100 meter ovanom dagens europaveg. Her fødde dei ei kyr, nokre få sauer, ein gris, høns og litt sylvrev. Fram til 1936 vart dei foreldre til 4 born: Olav, Arne, Ranveig [Ødegaard] og Åsmund. Den 27. juli 1940 raserte jordskred bruket deira, sjølve berga dei 5 som då var heime seg på til dels dramatisk vis. Same hausten i november fekk dei flytta stovehuset frå Reiten og reiste det på det som sidan heiter Masdalbakkane i Nøre-Vartdal. Løe kom opp året etter. Frå 1941 til 1951 reiste Laurits, etter tur, på sjøen med «Veidemann», «Kirkholmen» og «Dolsøy». Etter den tid sysla han på småbruket, jamt drog han ut på fjorden etter kokfisk.

Laurits O. Masdal i 60-årsalderen